Strid om dialektar i NRK
– I utgangspunktet treng ikkje reportarar å få unntak frå offisielt språk. Dei har rett til å bruke dialekten sin i formidlinga, seier språksjef Karoline Riise Kristiansen.
Nina Owing (t.v.) og Ingerid Stenvold er programleiarar i NRK. Ingerid Stenvold var den første som fekk nytte dialekt i Dagsrevyen.
Foto: Heiko Junge / NTB
Eit nytt unntak frå språknorma i NRKs nyhendeavdeling og spørjeord på østerdalsdialekt i Dagsrevyens nyhendereportasjar har ført til debatt i Aftenposten, der både Noregs Mållag og riksmålorganisasjonen Det Norske Akademi for språk og litteratur har vore kritiske til utviklinga.
Karoline Riise Kristiansen er språksjef i NRK.
– Nyleg vart det kjent at nyhendeanker i Dagsrevyen Eline Buvarp Aardal får leie sendingane på trøndersk. Kva er grunnen til at ho ikkje skal normere språket?
– Det er viktig å presisere at ho ikkje er ein av dei faste programleiarane i Dagsrevyen, men jobbar i direktelina i NRK. Det er berre ein av dei faste tilsette i Dagsrevyen som har fått unntak frå å snakke normert, og det er Ingerid Stenvold, som fekk unntak i 2009. Aardal jobbar stort sett utan manus time etter time, sak etter sak, på kontinuerleg oppdatering. Men ja, ho høyrer til i NRK nyhende og har fått unntak frå normering no. Ho ligg midt mellom bokmål og nynorsk og har hatt ein prøveperiode, der ho snakka meir dialekt som nyhendeformidlar i direktelina. Vedtaket seier at ho har unntak frå normert språk i det munnlege, medan ho har nynorsk som skriftleg arbeidsspråk. Mange trur at det vert fleire dialektbrukarar i Dagsrevyen, men slik er det ikkje. Ho er der innimellom.
– Er det slik at alle som ber om å få snakke sin eigen dialekt, får ja?
– Nei. Den siste tida har enkelte kanskje fått inntrykk av at det har vore ein dialektrevolusjon i NRK, men det har det ikkje. NRK skal spegle mangfaldet og ha rom for dialektane, og det har stått i språkreglane sidan 1981. I Dagsrevyen har hovudprinsippet vore normert bokmål og nynorsk, men fra 2007 har det vore opna for at redaktørane kan gjere enkelte unntak. Det har ikkje skjedd noko meir etter det. Det har vore vedteke eitt unntak i 2009 og så eitt i oktober 2020.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.