JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Intervju

– Ei regjering utan legitimitet

Midtaustenforskar Hilde Henriksen Waage seier at ei ny palestinsk regjering vil vere den beste av berre dårlege løysingar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Palestinarane får ikkje velje si eiga regjering. På biletet leikar barn i landsbyen Hizmeh, nær Ramallah, ein februardag i 2010.

Foto: Tara Todras-Whitehill / AP

7930
20240301

Samtalen

Hilde Henriksen Waage

Historieprofessor ved Universitetet i Oslo og seniorforskar ved Prio

Kommenterer den politiske situasjonen i Palestina

Statsminister Mohammad Shtayyeh, som har leia regjeringa til dei palestinske sjølvstyresmaktene, gjekk av denne veka. Grunngjevinga var utviklinga i krigen på Gazastripa og aukande vald på Vestbreidda. Det er venta at president Mahmoud Abbas vil utpeike Mohammed Mustafa, sjefen for Det palestinske investeringsfondet, til å danne ny regjering. Kva konsekvensar har det for krigen?

Vi kontakta Hilde Henriksen Waage, professor i historie ved Universitetet i Oslo og seniorforskar ved Peace Research Institute Oslo (Prio). Ho har forska på tilhøvet mellom Israel og Palestina i ei årrekkje.

– Det første eg legg merke til, er at president Abbas ikkje går av, berre statsministeren. Vi har altså ein situasjon der ein gammal, svekt og ekstremt upopulær president er i ferd med å utpeike nye regjeringsmedlemmar. Det er ikkje bra.

– Kvifor ikkje?

– Det er uklokt, fordi konsekvensen er at dei palestinske sjølvstyresmaktene vil sitje igjen utan noka fungerande regjering på Vestbreidda. Her meiner eg det luktar av god, gammaldags posisjonering.

– Ifølgje nettavisa Asharq Al-Awsat skal regjeringa bestå av ekspertar og teknokratar. Associated Press skriv at danninga av ei slik regjering vert eit steg i retning av å få til ein fredsprosess. Kvifor er du kritisk?

– Dei såkalla teknokratane Abbas vil utpeike, er palestinarar som er fordøyelege for Israel. Det inneber at dei har lite støtte i det palestinske folket. Vesten vil jo gjerne støtte demokratiske val. Men ved siste demokratiske val i Palestina, i 2006, vann Hamas med overveldande fleirtal. Palestinarane stemte altså på «feil» parti. No får palestinarane eit slags diktat som Israel og Vesten vil tolerere, utan tillit i folket. Det er urovekkjande.

– Her treng vi ei utdjuping.

– Hovudproblemet med den politiske situasjonen er at dei palestinske sjølvstyresmaktene har eit autoritært regime. Abbas har nekta å gjennomføre politiske val sidan 2006. Han har heller ikkje klart å lære opp nokon ny kronprins som kan ta over når han sjølv etter kvart vert for gammal til å styre. Det er ingen som står fram som ein reell arvtakar. Fatah, som er det største politiske partiet, har ei rekkje politiske spelarar som er avhengige av Abbas for å kome til makta. Då er er det duka for maktkamp.

– Kva meiner du med at det ikkje finst nokon «reell» arvtakar?

– Det finst ingen samlande figur i den palestinske politikken som palestinarar flest kan slutte opp om. Dermed vil ikkje Palestina få til ein handlekraftig politisk konstellasjon. Den einaste reelle kandidaten, Marwan Barghouti (Fatah), sit fengsla i Israel. Han er sekulær og for tostatsløysinga, men sonar fleire livstidsdomar og sit no isolert. Det er for så vidt interessant at Barghouti står på lista over politiske fangar som Hamas krev lauslatne, sjølv om Fatah er den politiske hovudmotstandaren deira.

Professor og seniorforskar Hilde Henriksen Waag er kritisk til at Israel får diktere kva som vert ei akseptabel regjering.

Foto: Håkon Mosvold Larsen

– Nyhendebyrået AP skriv at Barghouti kan verte ein konsensuskandidat som både Hamas, Fatah og andre palestinske politiske fraksjonar kan stille seg bak. Korleis ser israelske styresmakter på det utfallet?

– Israelske styresmakter ønskjer ikkje ei palestinsk samlingsregjering, fordi dei ikkje ønskjer ei tostatsløysing. Det finst fleire døme på korleis Israel undergrev ei palestinsk samling. I 2013–2014 var til dømes Hamas og Fatah nære ved å danne ei samlingsregjering. Så gjekk Israel til krig mot Gaza. Fleire analytikarar, også israelske, meiner at Israel ville øydeleggje forsøket på palestinsk samling, og at det var ein av grunnane til at dei gjekk til krig mot Gaza i 2014 (Operasjon Protective Edge, journ. merk.). Benjamin Netanyahu har vore heilt tydeleg på at han ikkje ønskjer ei tostatsløysing. Han er tent med politisk kaos hjå palestinarane.

– Det er vel ikkje rart at Israel nektar å forhandle med ei samlingsregjering der Hamas er ein av partane. Hamas driv jo terrorverksemd.

– Ja, Hamas har ein ytterleggåande, militant grein som driv terror, men det er ikkje heile biletet. Hamas er òg eit politisk parti som er den sivile regjeringa på Gaza, og ein velgjerdsorganisasjon. Israel skil ikkje mellom dei ulike delane.

«Ein må kunne forvente at Israel definerer måla sine, når dei sjølv hevdar at dei driv krigføring innanfor internasjonal folkerett»

Hilde Henriksen Waage

– Hamas er jo ein organisasjon med eit overordna politisk organ som òg er involvert i terrorplanlegging. Korleis og kvifor skal ein då skilje?

– Igjen: Problemet er at Israel ikkje definerer kven i Hamas som er legitime mål, men seier berre at Hamas skal eliminerast. Dei definerer ikkje kven i Hamas som er del av terrorinfrastrukturen. Dersom Israels mål var å eliminere Al-Qassam-brigaden, terrorfraksjonen, kvifor seier dei ikkje at den er målet? Eller kvifor tek dei ikkje den politiske leiinga som sit i Qatar, som berre er 15 personar? Det er ingen grunn til å tru at den delen av Hamas som driv sosiale velferdsytingar på Gaza-stripen, sjukehus og andre tenester, har hatt noko dei skulle ha sagt i avgjerda om å gå til åtak på Israel 7. oktober. Likevel er det dei som vert bomba. Meiner du at det er legitimt å drepe alle medlemmane av ein organisasjon fordi ein del av organisasjonen driv terrorverksemd?

– Eg prøver å skjøne kvifor ikkje dei andre delane av Hamas tek avstand frå terrordelen av organisasjonen?

– Det er ikkje mogleg slik samfunnet på Gaza er strukturert. Det eg spør om, er kvifor Israel drep 30.000 menneske på Gazastripa medan dei seier at Hamas er målet. Eg etterspør at Israel definerer kven som er legitime krigsmål. Her vert Israel svar skuldig. Israel seier at Hamas er overalt. Den logikken inneber at alle palestinarar på Gaza kan vere legitime mål. Ein må kunne forvente at Israel definerer måla sine, når dei sjølv hevdar at dei driv krigføring innanfor internasjonal folkerett og vernar sivile så godt dei kan. Det er det jo snart ingen andre i verda som er samd i, sjølv ikkje USA.

–?Kva meiner palestinarane om den politiske situasjonen?

– Eg reiser mykje rundt i Palestina, på Vestbreidda. Eg ser at folk er oppgitte og apatiske, og har vore det i fleire tiår. Dei fleste palestinarar ønskjer berre å leve eit normalt liv, ein jobb, skular og helsevesen, at krigen skal ta slutt. Men det skjer òg noko anna, nemleg danning av stadig fleire ytterleggåande grupper som meiner at vald er det einaste verkemidlet. Fraksjonar som The Lions Den i Nablus, blant andre. Så har du palestinarane på Gazastripa, som ikkje kan påverke den politiske situasjonen på Vestbreidda. Dei har ingenting dei skulle sagt. Det er heilt utelukka at Hamas regjerer på Gazastripa når krigen tek slutt. Då vil sjølvstyresmaktene truleg ta over, men dei vil ikkje ha nokon legitimitet.

– Korleis kan ein samanlikne prosessen som leia opp til Oslo-avtalen, med prosessen som no går føre seg?

– I 1993 stod dei norske forhandlarane overfor same dilemma som no. Asymmetrien i makt mellom Israel og Palestina gjer at verdssamfunnet ikkje kan få til noko meir enn det Israel, den femte største militærmakta i verda, til kvar tid vil. Ein må spele spelet etter israelske spelereglar.

– Men er det fåfengt å arbeide for at verdssamfunnet legg meir press på Israel?

– Den einaste som kan leggje press på Israel, er USA, men det vil ikkje Biden. Han har eit val å vinne. Og det er ikkje for å halde på jødiske veljarar, som mange feilaktig trur. Han vil tekkjast den store konservativt kristne middelklassen, som støttar Israel. Problemet for Biden er at stadig fleire demokratiske veljarar, spesielt unge, krev ein propalestinsk politikk. Det svekkjer Det demokratiske partiet ytterlegare. Dermed legg ikkje USA eit reelt press på sin nære allierte, Israel. Og Israel får halde på som dei vil.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis