Nyttig filmkunnskap
4. Når du først har tatt han på, forsvinn leppestiften aldri – sjølv ikkje under dykking.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
1. Når dei overnattar i eit spøkelseshus, bør kvinner undersøke mystiske lydar kledde i sitt mest avslørande undertøy.
2. Dersom du blir jaga gjennom byen, kan du alltid skjule deg i ein St. Patrick’s Day-parade, når som helst på året.
3. Det er lett for kven som helst å lande eit fly dersom det er nokon i kontrolltårnet som kan rettleie deg.
4. Når du først har tatt han på, forsvinn leppestiften aldri – sjølv ikkje under dykking.
5. Ventilasjonssystemet i alle bygningar er den perfekte gøymestad. Ingen vil tenkje på å leite etter deg der, og du kan flytte deg til alle andre stader i bygget utan problem.
6. Dersom du vil gå for å vere tysk offiser, vil det ikkje vere nødvendig å snakke språket. Det held med ein tysk aksent.
7. Ein mann vil ikkje vise noko teikn til smerte når han blir banka opp på fryktelegaste vis, men han skjer grimasar når ei kvinne prøver å stelle såra hans.
8. Når du skal betale for ein taxi, sjå aldri på lommeboka mens du tar ut ein setel – berre grip etter ein tilfeldig og gi han frå deg. Det vil alltid vere eksakt sum.
9. I løpet av kvar politietterforsking vil det alltid vere nødvendig å besøke ein strippeklubb, minst éin gong.
10. Bilar og lastebilar som krasjar, vil nesten alltid begynne å brenne.
11. Ei einaste fyrstikk vil vere nok til å lyse opp eit rom på storleik med eit fotballstadion.
12. Bønder i mellomalderen hadde perfekte tenner.
13. Alle einslege kvinner har ein katt.
14. Ein mann som skyt mot 20 menn, har større sjanse til å drepe alle enn 20 menn som skyt mot éin.
15. Det betyr ingenting om du møter stor overmakt i eit slagsmål som inkluderer kampsport – fiendane dine vil vente tolmodig og angripe deg ein etter ein, mens dei dansar rundt deg på ein trugande måte til du har slått ut forgjengaren deira.
16. Når du slår av lyset for å gå til sengs, vil alt i rommet ditt vere klart synleg, berre litt blåaktig.
17. Hundar veit alltid kven som er dei slemme, og vil gøy mot dei.
18. Heller enn å sløse med kuler føretrekker dei megalomane å drepe erkefiendane sine ved bruk av komplisert maskineri som inkluderer tennrøyr, trinser, dødeleg gass, laser og menneskeetande haiar, noko som vil gi fangane minst 20 minutts sjanse til å rømme.
19. Ein kriminalbetjent kan berre løyse ei sak dersom han er suspendert frå tenesta.
20. Dersom du bestemmer deg for å danse i gata, vil alle du støyter borti, kjenne alle trinna.
Kjelde: Stephen Leather: Things a Writer Can Learn from Watching Movies
For eiga rekning kan eg tilføye: Du finn alltid ein parkeringsplass, same kor du er, og det er aldri nødvendig å låse bilen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.