JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Innsida

🎧 Noko å gle seg til i 2020?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3095
20200110
3095
20200110

Lytt til artikkelen:

Eit nytt år, eit nytt tiår, har bretta seg ut for oss. I slike høve er det naturleg å sjå framover og freista finna ut kva det er som ventar oss. Spådomar om alt som kan gå dårleg, ligg det ikkje til Innsida å ta seg av. Det er nok av stader du finn det. Her skal me tvert om trekka fram det som skal få det til å brusa litt i hovudet ditt. Hendingar me kan gle oss over i det året som akkurat har byrja.

Nokre sportslege høgdepunkt vert det alltid: Skiskyttarar og skeiselauparar har VM minst kvart år, skeisefolket har fleire, medan sumaridrotten kan gle seg til OL i Tokyo. Det kjem til å verta ein milepåle, sidan det framover ikkje vert særleg mange olympiske leikar i demokratiske land.

Landskappleiken er òg ei årleg glede, saman med VM i krabbefiske i Sandnessjøen.

Me kan forventa oss ei ny plate av Bjørn Eidsvåg og Åge Aleksandersen og ei bok eller to av Jo Nesbø og Edvard Hoem, vil me tru.

Norsk film surfar på ei suksessbylgje etter filmar som Bølgen, Skjelvet og no sist Tunnelen.

Det er spanande oppfølgjarar på gang. Ferja, etter eit manus av Joar Tungtvatnsbråten, er eit skremmande drama der ferja mellom Vestnes og Molde forsvinn i ein malstraum i eit slags bermudatriangel i Romsdalsfjorden, med heile skulemusikken frå Tomrefjorden om bord. Ein skikkeleg grøssar, med andre ord.

Stalheimskleiva er tufta på skremmande hendingar i kvardagen, som i Tunnelen. Tre store bussar står bom fast etter to ras i Stalheimskleiva: éin full av ungar, éin med tyske pensjonistar og éin med heile fylkesutvalet for samferdsel. Det knakar og buldrar i fjellet og den øvste bussen byrjar å skli sakte, sakte mot dei to andre. Kven kan berga dei?

Fæle greier. Då er det meir kammerspel i mordgåta Lefsa, som går føre seg i bakstmiljøet i Telemark. Det er stor prestisje fram mot Dyrsku’n. Nokon har stole ei oppskrift, og ein etter ein forsvinn bakstekonene. Det heile toppar seg med tore og lyn ei mørk novembernatt på Dalen Hotel, dagen før krinsmeisterskapen i potetlefser.

Året kjem òg med eit flott knippe jubileum: Bergen vert 950 år, det er hundre år sidan Fønhus gav ut Det skriker fra Kverrvilljuvet.

Kommuneingeniørforeininga fyller 90, byen Moss vert 300 år, Kjell Aukrust ville ha vore 100 år, og det er berre eitt år att før ein kan feira 100-årsjubileum for den fyrste planen for Ringeriksbanen.

Det vert naturlegvis biografiar òg. Me ventar i spaning på at Atle Bjørkviknes skal verta ferdig med biografien om Åge Hareides tidlege år. Arbeidstittel er Englandsdraumen – bind 1 og skal visst handla om tida i Manchester City og fyrste del av opphaldet i Norwich, der han mellom anna mista ein del tenner i duell med tøffe Andy Gray.

Utover desse viktige hendingane kjem året til å by på eit knippe små triveleg hendingar, som ny rasteplass (endeleg, seier bygdefolket) ved Stolpagjelet i Eksingedalen, vossameisterskapen i jolaøl, jubileumshelg med Kølla & The Tommentotts på Brakanes, Siderfestivalen, Sildajazz og Nordkynfestivalen, og så kjem Bellamy Brothers til Koparvik i juni.

Mykje å sjå fram imot, med andre ord.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis