Bok
– Ikkje anlegg for anger
Marie er den evige bipersonen i bøkene om Knut Hamsun. Med Kjærlighet og mørke. En biografi om Marie Hamsun snur Anne Hege Simonsen opp ned på rollene.

Også etter krigen var ho overtydd nasjonalsosialist. Og antisemitt. Så seint som i 1957 skreiv ho til ei veninne i Haugesund, den trufaste nazisten Aslaug Hauge: «Jeg er ingen rasehater. Jeg respekterer alle kulører, men jødene er undtagelsen. Det er dem som forsyner hele verden med mordva°pen fra fabrikkene, kjempelagrene i U.S.A. Helt til nu har de kunnet arrangere kriger, sende jordens unge menn i døden og sitte trygge selv og sope inn dollarene. Jeg forsikrer dig, at Hitler hadde det rette syn pa° dem.»
Heks eller forheksa?
– Anne Hege Simonsen, biletet mitt av Marie Hamsun er det tradisjonelle, det ein lærer på skulen og gjennom filmar: Ho var ei slu kvinne som påverka ektefellens politiske og ideologiske val. Kan du korrigera dette biletet?
– Dei var begge nazistar, men på kvar sin måte; det var berre ho som blei medlem av Nasjonal Samling. I det heile trur eg det var vanskeleg å påverka eit så eigenrådig menneske som Knut Hamsun til noko som helst. Ikkje det at han unnlét heilt å høyra på henne; ho var jo ein viktig person i livet hans. Knut var dominerande og forma henne, men det inneber heller ikkje at han skal bera ansvaret for nazismen hennar. Han, som ho, må få stå for sine eigne meiningar. Men at han forma verdsbiletet til den vaksne Marie etter fyrste verdskrigen, er eg overtydd om.
– Når tok dette verdsbiletet form?
– I 1934 var det framleis tvil i henne. Ho las Nordahl Grieg og Cora Sandel og var forferda over både bolsjevismen i Sovjet og utviklinga i Tyskland. Men i 1936 batt ho seg til masta politisk. Karakteristisk ved henne er at ho synte den same hovudlause oppglødinga i både politikk og kjærleik.
Tese og antitese
– Kva er det nye ved framstillinga av Marie Hamsun i din biografi?
– Boka mi handlar om henne. Sjølv om ho har vore ein viktig biperson i biografiar om Knut, er det skrive overraskande lite om Marie, og når det er blitt gjort, er det for å seia noko om han. Når ein set Marie i sentrum, merkar ein at livet hennar var rikt på nyansar.
– Din Marie Hamsun-biografi er den andre i sitt slag. Kva skil han frå den fyrste?
Birgit Gjernes’ Marie Hamsun. Et livsbilde, som kom i 1994, set sjølvsagt òg Marie i sentrum. Men biografien er skriven av ei kvinne som kjende henne og blei glad i henne, noko som gjer boka litt unyansert og velvillig. Det er ikkje slik at Gjernes underslår at Marie var nazist under krigen, men eg tykkjer Marie der slepp for lett unna med gjerningar og haldningar.
– Det er verdt å merka seg at Gjernes’ biografi langt på veg var eit motsvar til danske Thorkild Hansens Prosessen mot Hamsun frå 1978. Ovundringa hans av Knut var like intens som mistrua hans til Marie; han nytta Marie som skrubbeklut for å vaska nazistempelet av ektemannen.
– Hansens Hamsun-framstilling samsvarer med biletet du teikna i byrjinga, nemleg av Marie som ei vond ånd som leidde den stakkars Knut på avvegar. Men eg tykkjer altså at både Gjernes og Hansen på kvar sin måte overdriv. Det var mykje som forma Marie. Ho gjorde sine val. Innanfor dei gjevne rammene tok ho ansvar for sitt liv og stod for det. Det held ikkje å berre presentera henne som offer.
Bipersonen Knut
– Kva har vore den største utfordringa di under skrivinga av denne boka?
– Knut var sjølvsagt ei utfordring. Ville eg klara å skriva ein biografi som verkeleg var om Marie, eller ville prosjektet munna ut i nok ei form for Knut Hamsun-biografi? Sjølv om eg hadde lese ei rekkje biografiar om Knut, tilhøyrer eg ikkje krinsen av Knut Hamsun-ekspertar. Det berga meg på sett og vis, for eg kunne gå friare til verks. Det synte seg snart at Marie etterlét seg nok spor til at eg kunne gå inn i hennar røyndom. Knut kunne eg så dra inn der det høvde. Eg har altså snudd opp ned på den tradisjonelle Hamsun-biografien og gjort Knut til ein biperson – vel å merka ein viktig biperson.
Arbeidsetikk
– Lat oss koma meir konkret inn på Marie Hamsuns person. Kva var bakgrunnen hennar?
– Ho var barn av ein kjøpmann og ei lærarinne og voks opp i mellomklassen på Elverum. På grunn av fluktuasjon i trelasthandelen gjekk faren konkurs, og familien opplevde eit sosialt fall. Frå å bu i villa med piano og glasveranda enda dei på ein taslete liten gard ved Glomma der det knapt voks blomar.
– Men far, mor og barn arbeidde knallhardt og kom seg smått om senn på fote att økonomisk. Det prega personlegdomen hennar, dette med at ein kan arbeida seg ut av livsens problem, og at arbeidet adlar. Noko av det ho ovundra mest med Knut, og opphøgde til ideal, var at han var så arbeidsam, sjølv om han av den grunn stadig lét familien i stikk. Men det sosiale fallet påverka henne truleg òg politisk, gjennom at ho identifiserte seg med Tyskland som hadde makta å reisa seg att etter fyrste verdskrigen.
Full klaff
– Korleis arta det fyrste møtet mellom Knut og Marie seg?
– Eg har ikkje andre kjelder enn det ho sjølv skriv. Som omreisande skodespelar hadde ho spelt rolla som Elina i Hamsun-stykket Ved rikets port (1895), og det var dette som førte henne til Nationaltheatret, der ho i 1908 fekk møta forfattaren utanfor portnarlosjen. Då han såg henne, utbraut han: «Nei herregud, så pen De er da, barn!» Han inviterte henne til Theatercaféen, der det blei full klaff, sjølv om han var litt meir «forsoffen» enn ho hadde førestilt seg av ein slik diktarhovding.
– Dagen etter sende den 48 år gamle Knut henne 26 raude roser, éi for kvart a°r ho hadde levd pa° jorda.
– Kva hadde ekteparet sams, og kva skilde dei?
– Begge lét seg langt på veg styra av sterke kjensler. For Knut var England sjølve styggedomen, medan Tyskland nærast var feilfritt – då dottera gifta seg med ein engelskmann, braut han med henne. At ein mann som makta å gå så djupt inn i nyansane i menneskesjela, kunne vera så svartkvit i oppfatninga av verda, er eit evig paradoks for meg. Ut frå ulike posisjonar delte dei verdsoppfatninga av at Tyskland hadde lidd urett, og at England – som Marie seier – var «verdas guvernante». Då NS blei skipa i 1933, var det eigentleg Knut som var mest nyfiken på Vidkun Quisling, medan Marie tvilte. Men synet på bolsjevismen som ufyseleg, hadde dei alltid sams.
– Diktaren Knut svevde nok meir i sfærane enn ho; det var dei store linene som interesserte han, ikkje dag til dag-politikk. Også Marie var oppteken av det ho kalla «idealisme», men òg av partiprogrammet til NS og korleis dette til dømes kunne betra barneoppsedinga. Avgjerande var turane hennar til Tyskland, der ho fekk oppleva Hitler, som ho blei fascinert av. Ho meinte å sjå ein genuin ærlegdom hjå Hitler som fylte eit sakn, eit tomrom i henne.
– Korleis arta samlivet deira seg?
– Dei var begge sjalu. I den fyrste fasen var det ho som laut lida mest under sjalusien. Han var dominerande og sterk, isolerte henne og såg i grunnen ned på alt ho kom inn i samlivet med – teateret, at ho hadde teke artium, og det eigenrådige vesenet hennar. Men dette er komplisert, han ovundra jo òg sjølvstendet hennar; i det heile vanvyrde han henne for dei same tinga han elska henne for.
– Maries liv handla mykje om å leggja kvardagen til rette for Knuts skriving. Men ho manøvrerte intelligent og laug for å få ting slik ho ville. «Ein må vera from som ei due og slu som ein slange», sa ho ein gong.
– Korleis var vegen hennar inn i NS?
– Fyrste gongen ho stemte NS var i 1936, men det var fyrst i 1940 ho melde seg inn. Ho meinte det var det einaste rette å gjera – både ho og Knut meinte at Tyskland kom til å vinna krigen, og dei trudde på lovnaden om at Noreg skulle få ein sjølvstendig posisjon i det storgermanske riket.
– Og jødehatet, som ho på karakteristisk vis heldt fast på jamvel etter at Hitlers systematiske folkemord var blitt kjent?
– Ho synte tidleg ein latent antisemittisme, men den delte ho med mange; han låg i tida og blei aktivert av nazismen. Slik eg opplever henne, blei ho med åra stadig verre. Alt som var vondt og vanskeleg i verda, var jødisk, både bolsjevismen i Sovjet, «jødebolsjevikane», og kapitalismen i USA. Tanken om den jødiske konspirasjonen som nazistane førte til torgs, kjøpte ho fullt og heilt.
– Ho såg på seg sjølv som krigens største offer, noko ho grunngav med dei rettslege reaksjonane mot henne og andre NS-folk etter frigjeringa. Etter krigen hadde ho kjensla av å leva i fiendeland. Anger hadde ho ikkje anlegg for. Om ein fall, skulle ein reisa seg att – det var devisa.
– I eit radiointervju etter krigen slo ho fast at dei positive sidene ved det kompliserte samlivet med Knut Hamsun vog opp for dei negative. Summa summarum: Var Marie eit lukkeleg menneske?
– Nei, eg trur ikkje det. Ho var ein alvorleg person som tok ting tungt. Vel kunne ho gleda seg over blomar eller eit kjærleg ord, men det uforsonlege og bitre låg henne nær, noko ho innsåg sjølv. Den alt nemnde Aslaug Hauge, som tilhøyrde krinsen av ovundrarar i Haugesund, smigra henne med at ho var så vakker, så flink, så fantastisk. Maries svar var råkande: «Vel, venleiken min kjem i alle fall ikkje innanfrå.»
– Marie Hamsun meinte å sjå ein genuin ærlegdom hjå Hitler som fylte eit sakn, eit tomrom i henne.
Anne Hege Simonsen
– Marie Hamsun meinte å sjå ein genuin ærlegdom hjå Hitler som fylte eit sakn, eit tomrom i henne.
Anne Hege Simonsen, forfattar