Kunngjeringar
Feil sete, del 1
Teikning: May Linn Clement
Einar har rigga seg til ved vindauget i vogn 2 og oppdagar ikkje at han sit mot køyreretninga, før toget byrjar å bevege seg. Det er uaktuelt å sitje denne vegen for lenge, då bli han kvalm. Han må flytte til ei anna vogn, fort.
Einar reiser seg, tek på seg jakka og sekken, dunkar borti bakhovudet til ein mann som sit i setet framfor når han løftar baggen ned frå hylla. Mannen rykkjer til og snur seg. Einar er alt på god veg mot enden av vogna for å hente kofferten som står i lag med annan bagasje. Han har mange kolli, det kostar ingenting ekstra på toget, ein kan ta med nesten kva som helst.
Einar er kokvarm når han går tilbake same vegen som han kom, mot vogn 3. Det var ein tabbe å ta på jakka. Midtgangen er smal, og det er eit styr å få med seg alt. Han går nærmast sidelengs og skumpar borti folk og seterygger med baggen og sekken. Hjula på kofferten køyrer over foten til ein som sit og halvsøv med eine beinet ut til sida.
Toget har kome opp i god fart, det gyngar i svingane. Han sjanglar seg vidare og inn i vogn 3. Det er ledige sete mest heilt i enden. Einar riggar seg til på nytt. Løftar baggen opp på hylla, tek av seg jakka og sekken. Det er svære ringar under armane, og han angrar på stillongsen. Men det var så kaldt i dag tidleg at han tok ingen sjansar. Vil ikkje bli sjuk no, då vil han heller vere litt blaut. Dessutan er det ikkje farleg for verken han eller andre med litt ny sveitte, den luktar ingenting. Gamal sveitte er ei heilt anna sak. Onkel Ronald, for eksempel, slik som han luktar, det er ikkje greitt. Der er det lag på lag med gamal og ny sveitte om einannan. Han kan visst ikkje noko for det, seier folk.
Sjølvsagt ringde onkel Ronald og tilbaud seg å hente Einar når toget er framme i Stavanger. Det var vel det siste han hadde lyst til. Heldigvis er det ikkje så langt frå stasjonen og heim. Han får puste gjennom munnen.
Etter ei stund dukkar konduktøren opp og seier at Einar kan sitje der førebels, men at begge seta er opptekne frå Moi stasjon.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.