Høgtidsam messe

Kammerchor und Hofkapelle Stuttgart får fram viktige nyansar i verket som Beethoven kalla «mitt største».

CD

Ludwig van Beethoven:

Missa
solemnis

Kammerchor und Hofkapelle Stuttgart; dir.: Frieder Bernius.
Carus 2019

Sjølv om ho med nesten 70 minuttar lengd er altfor omfattande for gudstenesta, blir ho rekna som eit hovudverk i den katolske kyrkjemusikken, Ludwig van Beethovens Missa solemnis, op. 123, som blei urframført i St. Petersburg i 1824. I motsetnad til kva ein skulle tru, såg ikkje komponisten på «Korsymfonien» eller ein av dei andre symfoniane som sitt beste verk. I eit brev frå 1822 til eleven Ferdinand Ries skreiv han at «mitt største verk er ei stor messe», ei utsegn me finn i andre brev òg.

Spikka på detaljar

Ei «Missa solemnis» («høgtidsam messe») er ei tonesetjing av heile den katolske høgmessas femdelte ordinarium («Kyrie», «Gloria», «Credo», «Sanctus» og «Agnus Dei»), som er den same gjennom heile kyrkjeåret. Den nye innspelinga med Kammerchor und Hofkapelle Stuttgart under leiing av Frieder Bernius får fram kor grannsamt komponisten gjekk til verks med å illustrera messeteksten musikalsk.

Beethoven rista ikkje geniale musikalske tema lytelaust ut or ermet, slik som til dømes Mozart greidde det. Me ser dette på dei mange overleverte noteskissene og det rotete partituret (sjå biletet), som dokumenterer korleis han igjen og igjen spikka på og filte til rette dei musikalske temaa og motiva. Eit dagboknotat stadfestar at han tidleg innsåg at han på førehand laut setja seg grundig inn den katolske messetradisjonen: «For å skriva ekte kyrkjemusikk gå gjennom alle kyrkjekoralane til munkane.»

Med sistnemnde meinte han dei gregorianske salmane, den einstemmige kyrkjemusikken som festa seg i vestkyrkja kring 800. Gregorianikken er unik av to grunnar: Ikkje berre var han den fyrste store musikkforma kristendomen fostra. Han er òg den eldste musikalske kunstforma i Vesten som framleis blir praktisert.

Arkaiserande

I Credo-delen av messa, på orda Et incarnatus est de Spiritu Sancto («Han er blitt kjøt ved Den heilage ande»), syng tenorane ein slik gregorianskliknande melodi med enkelt strykeakkompagnement. Og det er ikkje berre her Beethoven nyttar arkaiserande verkemiddel. For like etter set ei kvitrande fløyte inn og ornamenterer melodien på ein renessanseaktig måte.

Kammerchor und Hofkapelle Stuttgart briljerer i detaljar som dette. Den dynamiske likevekta mellom strykarar og treblåsarar og mellom dei ulike stemmegruppene i koret er utmerkt. Særleg likar eg den distinkte artikulasjonen i fiolinane, der dei spelar mønster av gjentekne musikalske figurar, som midtvegs i «Credo»-delen, der dirigenten Bernius skapar ei kvass perpetuum mobile-kjensle som kontrasterer verknadsfullt med koret.