Helvetes Trier

Det startar vondt og vert verre og verre. Det er lenge sidan eg har hatt så lyst til å gå frå kinosalen på grunn av fysisk ubehag.

Jack (Matt Dillon) drep kvinner og skuldar på at han er psykopat.
Jack (Matt Dillon) drep kvinner og skuldar på at han er psykopat.

Skrekk / krim

Regi: Lars von Trier

The House That Jack Built

Med: Matt Dillon, Bruno Ganz, Uma Thurman

Jack (Dillon) vil teikna og byggja sitt eige hus. Mens han held på med det, startar han med å drepa folk. Han skuldar på at han er psykopat, noko stemma i hovudet hans (Ganz) meiner er uvanleg innsiktsfullt. Lite hjelper det offera hans.

Trier-faen

Eg har aldri vore særskilt glad i Lars von Triers pompøse, kompromisslause filmar som Breaking the Waves (1996) eller Idiotene (1998). Den makabre serien Riget (1994–97) var noko me alle såg, på same måte som Twin Peaks, men utan at eg eigentleg var særleg begeistra. Dei seinare filmane hans har eg sett berre sporadisk.

At regissøren har ein forkjærleik eller fascinasjon for bederva menneske som likar å drepa, voldta og skjera kroppsdelar av kvinner, viste han alt i den fyrste langfilmen sin, The Element of Crime (1984). Og ja, det er menn som driv med dette, og i tråd med eldgamal tradisjon er jobben til kvinnene å stira skrekkslagne mot overfallsmann og kamera og så døy etter mykje skrik, blod og liding. Likevel var eg ikkje førebudd på kor til dei grader ekkel The House That Jack Built er. Det får eg ta på mi kappe.

Makabaret

Filmen er bygd opp kronologisk – frå det eine uventa drapet til den metodiske planlegginga av seinare drap. Matt Dillon spelar isnande kaldt og overtydande den sjølvrettferdige Jack som forbannar seg over at mannen alltid vert halden skuldig, og kvinnene alltid er offer.

Det er vanskeleg å tolka om von Trier her prøver å retta kritikk mot dagens samfunn, der dette vert framhalde som sanning av ei stadig aukande gruppe misforståtte menn som i ytste konsekvens tyr til slike grufulle handlingar – eg lèt tvilen koma han til gode. Det dekker uansett ikkje over det faktumet at kvinner berre ved å vera fødd som kvinner, gjer seg sjølv til potensielle valdsoffer.

Treng me nok ein slik film? Sjølvsagt ikkje. Men Lars von Trier ser det neppe som sin jobb å gjera noko for å retta opp skeiv balanse så lenge han kan skilta med kunstnarisk fridom. Det skal han få lov til, men det gjer han ikkje til nokon radikal eller original filmskapar i dette tilfellet. Eg kjenner ikkje skrekkfilmsjangeren godt nok til å seia om dette er på Dario Argento-nivå, og pysete som eg er, vil eg neppe finna ut av det heller. Eg ser heller ikkje nokon grunn til å utfordra meg sjølv i den retning, men om fantasifulle, groteske drapstablå er di greie, har eg ingen problem med å seia at du trygt kan sjå The House That Jack Built. Eg skal gjera mitt beste for å gløyma at filmen finst.