Hardcore naturtrompetist
Jean-François Madeuf spelar militærmusikk utan juksehol.

Franske Jean-François Madeuf er ein kompromisslaus mann. Når han spelar barokkmusikk på trompet og horn, tek han ingen snarvegar som gjer det teknisk lettare for han eller musikarane hans i Ensemble Eolus – det er ei æressak at musikken skal klinga mest mogleg slik han klang på 1600- og byrjinga av 1700-talet. Kva inneber denne kompromissløysa instrumentteknisk?
Naturtrompet
På innspelinga Per tromba & corno da caccia (For trompet og jakthorn) får me jakt- og militærmusikk av Georg Philipp Telemann (1681–1767) og somme av hans tyske samtidige. Her nyttar Madeuf såkalla naturtrompetar, barokke instrument som i grunnen berre er bøygde metallrøyr med eit munnstykke i eine enden og eit traktforma sjallstykke i hin – dette i motsetnad til moderne trompetar, som har ventilar til å trykkja på. Kopiar av slike naturtrompetar kjenner me frå mange innspelingar. Men dei fleste naturtrompetistar i dag har fått bora seg små hol i instrumentet; med fingrane kan dei slik finjustera intonasjonen, altså tonehøgda.
Slike «juksehol» tykkjer ikkje Madeuf noko om, dei er nemleg ei moderne oppfinning, eit moderne kompromiss. Sjølv nyttar han to originale trompetar frå byrjinga av 1700-talet som kling nett slik komponistane den gong såg – eller høyrde – dei føre seg. Konsekvensen er at intonasjonen er litt «skeiv» på somme av tonane. Men det må me leva med, meiner han. Ja, me må ikkje berre leva med det, me må læra å lika det, for det er eit viktig idiom i barokkens klangverd, ei klangverd der karakteristiske ulikskapar mellom instrumentypane blei dyrka.
Acquired taste
Kan me lika det? Somme av spora på CD-en føreset nok acquired taste, særleg der musikken modulerer til fjerne toneartar. Tendensar til slikt høyrer me i Telemanns Marsj i F-dur TWV 50:F43, eit tingingsverk til ei artilleriøving i Frankfurt am Main som er datert 10. august 1716. Men eg likar det, på same måten som eg tykkjer «blåtonane» i den norske folkemusikken er tøffe. For einskildtonane får sin eigen let, og dei ulike harmoniane sin spesielle kulør – ei blanding av søtt og bittert som manglar ved ordinære klassisk musikkframføringar, der det blir streva etter klangleg homogenitet.