Festspel
Har Grieghallen eit alkoholproblem?

I NRK P2 førre veke kritiserte Leif Ove Andsnes praksisen med at publikum får ta med seg drikkevarer inn i den store konsertsalen i Grieghallen under framføringane. At folk nippar vin medan musikarane spelar sine varaste pianissimo-passasjar, er respektlaust andsynes arbeidet som er lagt i dei finpussa framføringstekniske detaljane, hevda pianisten, som elles sjølv er vinkjennar. Motbør fekk han av Grieghallens direktør Olav Munch, som meinte at konserthuset måtte nå ut til eit breitt, nytt publikum.
Eg er samd med Andsnes i at dei bratte, mørke seteradane i Grieghallen er ueigna for høgstetta vinglas, som folk gjerne set frå seg mellom beina. Og eg tvilar på at potensielle nye klassisk konsert-vitjarar lèt seg lokka av at dei kan drikka alkohol under sjølve konserten. Vil ein plent drikka, greier ein uansett å kvelva i seg to vinglas i foajeen i løpet av kvelden, eitt før konserten og eitt i pausen.
Det er eit anna moment eg tykkjer forstyrrar konsertopplevinga meir, nemleg mobiltelefonane. Ikkje det at ein gløymer å setja dei på lydlaus; folk har blitt mykje flinkare til dette dei siste åra. Det som skiplar konsertopplevinga mest, er at folk tek bilete og at dei filmar med telefonane. Kunstnarane på scena merkar nok lite til slikt, dei ser jo berre framsida av mobilane.
Det er me i seteradane som blir blenda av lyset frå displaya, som svirrar som eldfluger i mørkret. Folk har ikkje eingong vit til å skru ned lysstyrken på skjermane, som dei held høgast mogleg i vêret for å få klårt «skotfelt».