Bok

Handlekraft og håp

Før øya synker skildrar kvardagen til unge råka av klimaendringar.

Klimadokumentar

Teresa Grøtan:

Før øya synker

Gyldendal

Journalist og forfattar Teresa Grøtan har intervjua ungdommar på stader som er sterkt påverka av klimaendringane: Svalbard, California, Bangladesh og stillehavsøya Kiribati. Ungdommane fortel om ras, flaum, brannar og syklonar.

«Vi kan gjøre noe selv om vi er barn. Og vi gjør det», seier 13 år gamle Hazel van Ummersen frå eit brannherja California. Saman med 21 andre ungdommar går ho til sak mot president Trump og regjeringa. Trump er tiltalt for å øydeleggje livsgrunnlaget for framtidige generasjonar.

Vel 30 år etter at FN-rapporten Our common future slo fast at miljø og utvikling er éi og same sak i éi og same verd, er innsikta endå ikkje omsett i politisk praksis. Ungdommane i boka, derimot, har skjønt desse samanhengane.

Ved å kombinere intervju med eigne refleksjonar, fakta og skildringar gjev forfattaren oss eit sterkt inntrykk av korleis dei ekstreme vêrtilhøva er ein del kvardagen og no-situasjonen kring om på kloden. «Jeg har lært at det ikke er for sent», seier Grøtan om arbeidet med boka, og ho set sin lit til neste generasjon. Dei er smartare, har betre utdanning og kjenner verda og kvarandre betre, hevdar ho. Utfordringa er at boka tilslører denne tilliten til dei unge.

Miljøhistorie, ekspertuttalar og råd for eit meir klimavenleg daglegliv er også mellom teksttypane i boka. Sjangerblandinga er krevjande og litt lærebokaktig. Portretta kommuniserer bodskapen best. Det er Hazel eg vil hugse. Det er hjå henne det brenn.