JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Halvor Tjønn

Halvor Tjønn er journalist, forfattar og fast skribent i DAG OG TID. Sidan 1980-talet har han på nært hald følgt dei store konfliktane i vår tid. Han har gitt ut fleire bøker om Russland og har erfaring frå forskjellige aviser. Tjønn har mellom anna budd til saman ti år i Moskva, der han arbeidde som korrespondent for Aftenposten. Han følger utviklinga i tilhøvet mellom Europa og Russland nøye. Tjønn held dessutan foredrag om aktuelle og historiske tema, blant anna om den islamske verda, russisk politikk og norsk vikingtid.

Halvor Tjønn har ved fleire høve vore gjest i DAG OG TID-podkasten der han snakka om opposisjonen i Russland og den geopolitiske rolla til Svalbard.

Sidan utbrotet av krigen i Ukraina i februar 2022 har han levert kommentarar og analysar til DAG OG TID. Han skriv om Putin-regimet, om utviklinga i krigen og ikkje minst om russisk og ukrainsk historie. Les artiklane hans her.

halvor.tjonn@gmail.com

Artiklar

« 1 ... 11 12 13 14 15 16 »
« 1 ... 11 12 13 14 15 16 »