Ei vitaminsprøyte for demokratiet
Dei såkalla populistrørslene sender sjokkbølgjer gjennom den vestlege verda. Det politiske systemet vårt ser ut til å ha vanskar med å fanga opp misnøye i folkedjupet.
Framgangen til bompengepartiet er komen som ein kalddusj på heile det politiske miljøet i Noreg. Enkelte forstod kan hende at den stadige auken i bompengar, spesielt i dei store byane, ville møta motstand før eller seinare. Ingen i dei etablerte partia hadde likevel sett føre seg at bompengelista kunne bli blant dei største i byar som Bergen og Stavanger.
No må ein understreka at dette norske opprøret er ganske lite og ufarleg. Samanlikna med dei gule vestane i Frankrike, brexitopprøret i Storbritannia eller valet av Donald Trump i USA, står Folkeaksjonen nei til meir bompengar (FNB) fram som ei nokså pynteleg rørsle. Fedrelandet blir neppe snudd opp ned fordi ein del bompengemotstandarar kjem inn i nokre av kommunestyra i september.
Dårleg leiarskap
Likevel er det verdt å stogga opp ved det som skjer: Etter at Framstegspartiet blei eit styringsparti, er FNB det nærmaste me har ei populistisk folkerørsle i Noreg. Rørsla er eit produkt av at politikarane i fleire tiår neglisjerte viktige sider av infrastrukturen i landet. Når ein endeleg fann ut at Noreg var fleire tiår på etterskot innan veg, jarnbane og kollektivtrafikk i byane, blei det sett i gang ei storstilt utbygging. Problemet var berre at dei offentlege budsjetta – sjølv i eit land som Noreg – var oppbrukte. Løysinga blei å leggja ekstraskatt på éi gruppe, bilistane. Då mange oppdaga at ei heil månadsløn var i ferd med å bli inndregen av staten, fekk bompengelistene vind i segla. Det heile har vore eit godt døme på dårleg politisk leiarskap.
Norske politikarar kan likevel trøysta seg med at stoda i andre vestlege land er mykje meir alvorleg. Fellesnemnaren for misnøya er internasjonaliseringa, som har skapt avindustrialisering kombinert med auka økonomiske skilnadar og masseinnvandring til dei gamle europeiske nasjonalstatane. Globaliseringsprosjektet blei selt inn til europeiske og amerikanske veljarar som noko som skulle gje auka velstand og lukke. Så syner det seg at grovt rekna halvparten av veljarane ikkje likar det dei får servert. Resultatet er eit bitrare politisk klima og større avstand mellom veljarar og politikarar. Den politiske ustabiliteten i dei vestlege demokratia har auka monaleg dei siste åra.
Inn med broilerar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.