Film
Gull og grøne skollingar
The Sister Brothers viser Det ville vesten på sitt mest ubarberte, skyteglade og nyanserte.

Sola går ned over ei lita tømmerstove i Oregon. Dei to lurvete brørne Sisters, Charlie (Phoenix) og Eli (Reilly) plaffar ned alle på oppdrag frå kommandøren. Og slik går dagane i Det ville vesten, heilt til dei får detektiv John Morris (Gyllenhaal) på nakken.
Paellawestern
Prærien ligg bada i gult lys, kaktusar kastar lange skuggar – alt ligg så til rette for western av det gamle slaget at det er som ein høyrer musikken til Ennio Morricone i det fjerne. Heldigvis har meisterregissør og auteur Jacques Audiard som vanleg hyra inn den prisvinnande komponisten Alexandre Desplat. (Dei har tidlegare jobba saman på Rust and Bone (2012), Profeten (2009), Dheepan (2015), The Beat My Heart Skipped (2005), Read My Lips (2001) – for ei merittliste. For begge.) Ein liten kikk i rulleteksten vitnar om at fleire av dei mest spennande europeiske filmfolka (som rumenske Cristian Mungiu og brørne Dardenne) er med på produsentsida på dette som då ironisk nok er Audiards fyrste engelskspråklege film. Det vakre prærielandskapet er også i hovudsak spela inn i Spania, så heilt Hollywood er det ikkje. Heldigvis.
Hippiedraumen
Filmen startar hardkokt, for så å gå over til å vera usedvanleg fiffig og nyansert – berre små vendingar skal til for å endra retning, i villmarka som i filmverda. Jakta på gull held fram gjennom heile The Sisters Brothers, men aspektet med rikdom for å sikra åndeleg fridom er interessant og sikkert ikkje usannsynleg. Amerika var på den tida like mykje tufta på nye idear som nye pengar, men det er sistnemnde som er drivkrafta i dei aller fleste westernfilmar eg kan hugsa å ha sett. Reflekterte cowboyar er kult. Særleg vrien med detektiv Morris og kompaniskapet han dannar på vegen, opprettheld spenninga. Og rollene er perfekt fylte. Kva så at Joaquin Phoenix nok eingong spelar småpsykotisk, rotlaus mann? Han gjer det jo så bra!
Gråstein til gull
Den naive trua på det gode oppi all valden gjer at The Sisters Brothers er sympatisk alt i alt. I ettertid er det lett å slå ned på all toskeskapen som oppstod i kampen om makt og pengar, all unødig død og forderving, men det er på mange måtar slik me framleis held på i Vesten, om det ikkje lenger er fullt så vilt.
Eg òg tenkjer av og til at det måtte vera herleg å danna eit isolert samfunn der ein berre skulle ha med bra folk å gjera, og dela systerleg og broderleg. Hadde eg til kvar tid risikert å verta skoten og drepen, ville vel tanken på dette utopiske samfunnet vore endå meir forlokkande. For gud hjelpe så mykje dreping det er i denne filmen – eit menneskeliv er tilfeldig, det same er døden. Få kan framstilla dette så vakkert og ruskete som alkymisten Jacques Audiard.