Musikk

Guddommeleg fjellfest

Händel lèt brur og brudgom stiga opp på Parnasset i bryllaupsserenaden frå 1734.

CD

Georg Friedrich Händel:

Parnasso in festa

La Cetra Barockorchester & Vokalensemble Basel, dir.: Andrea Macron. Pentatone 2018

Jamføring:The King’s Consort/Matthew Halls (Hyperion 2008)

Som uoffisiell engelsk statskomponist var det Georg Friedrich Händels (1685–1759) oppgåve å forsyna viktige statsaktar og monarkiske festar med musikk. Slik òg i 1734, då kong Georg II av Storbritannia gifte bort eldstedotter si, prinsesse Anne, til Vilhelm IV av Oranien, han som skulle bli Nederlands fyrste arvestatthaldar. Kva for musikk valde han så til ei slik storhending?

Händel hadde ikkje mykje tid til å førebu seg. Men heldigvis var han god til å «resirkulera» musikk frå det rikhaldige notearkivet sitt, der han fann gamle komposisjonar som det kunne setjast ny tekst til. Difor er berre ni av dei 33 songnummera i Parnasso in festa, HWV 73, nye komposisjonar. Stykket er ein serenade – ein storfelt, verdsleg kantatetype med allegorisk tekst som høver bra når fyrstar skal hyllast.

Heilagt fjell

Handlinga er lagd til det heilage greske fjellet Parnassos, der Apollon samlar seg med musene, skytsgudinner for dikting, song, vitskap og musikk. Dei feirar giftarmålet mellom havnymfa Thetis og Peleus, paret som skulle koma til å avla Akilles, helten i Homer-eposet Iliaden. Parallellen til den kongelege bryllaupsfesten var sjølvsagt noko alle såg.

To dagar før urframføringa 13. mars 1734 kunngjorde London-avisa The Daily Advertiser fylgjande: «I høve bryllaupsfeiringa skal det på onsdag framførast ein serenade i det kongelege teatret ved Haymarket. Serenaden heiter Parnasso og har berre eitt scenebilete, fjellet Parnassos, der Apollon og nymfene har samla seg i lag med andre høvande og symbolsk kledde figurar. Tonesetjinga er så påhittsam og mangfaldig at alle moglege former for musikk blir å høyra, ariar, duettar etc., blanda med kor i oratorisk stil. Publikum ventar utolmodig, for den heidra herr Händel tek her heile kunstferdigheita si i bruk.»

På sitt beste

Slutten på aviskunngjeringa var ikkje overdriven, for dette er Händel på sitt beste. I den nye innspelinga med La Cetra Barockorchester & Vokalensemble Basel får me oppleva det dramatiske mangfaldet me kjenner frå operaane hans, kombinert med den monumentale stilen frå oratoria. Spesielt likar eg dei landlege korsatsane, der nymfer og hyrdar hyllar brureparet i ein rustikk tone. Denne folkemusikkaktige stilen høyrer ein sjeldan i Händels store vokalverk. Tempoa den italienske dirigenten Andrea Macron legg opp til, er stundom i høgaste laget; på dette punktet tykkjer eg den jamførte innspelinga med orkesteret The King’s Consort fungerer betre til karakterane. Likevel er det nye albumet kjekt å lytta til, ikkje minst på grunn av songsolistane. Suveren er til dømes den australsk-norske kontratenoren David Hansen, som syng stjernerolla Apollon.