Musikk

Goebels gigantiske mageplask

CD

Johann Sebastian Bach:

Brandenburg Concertos

Berliner Barock Solisten; dir.: Reinhard Goebel. Sony 2017

Tyske Reinhard Goebel er ein legende i tidlegmusikkverda, for ingen annan musikar har i same grad forma førestillinga vår om barokk strykarklang. Saman med ensemblet Musica Antiqua Köln laga han i slutten av 1980-åra eit banebrytande album med J.S. Bachs Brandenburg-konsertar, som framleis er ei referanseinnspeling. Men problemet med Goebel er at han er ekstrem. Positivt kan dette gje seg utslag i innspelingar som den nemnde, der dristige tolkingsval syner seg å vera geniale. Når han no 30 år etter på nytt lanserer eit Brandenburg-konsertalbum, denne gongen med Berliner Barock Solisten, er det eit gigantisk mageplask. Dei snøgge satsane blir spelte sakte og blodfattig, medan dei rolege satsane blir jaga opp i ekstremt snøgt tempo som verkar nærast parodisk. Dessutan spriker ensembleklangen i alle retningar. Det er alltid vondt å sjå ei stjerne falla.