Garborg på ny

Trætte mænd er komen i ny, flott originalutgåve.

Roman

Arne Garborg:

Trætte mænd

Med et omfattende etterord
av Eivind Tjønneland
Orkana akademisk

Det mest spanande tiåret i norsk litteraturhistorie? Det må heilt sikkert vere 1890-talet. Myten om 1890-talet, skapt alt tidleg i det nye hundreåret av kritikaren Carl Nærup, som nyromantikkens tiår, er sidan gjenteken til keisemd. Og mytar inneheld naturlegvis noko sanning, for det finst tydelege romantiske drag over diktinga dette tiåret. Ein kan gjerne sjå det som ein reaksjon på naturalismen og realismens dominans i føregåande tiår.

Mangfaldigare

Men 1890-åra er langt meir mangfaldig enn som så. Dei gamle og velkjende – Ibsen, Bjørnson, Lie, Skram og så bortetter – heldt fram med å skrive. Nokre av dei fornya forfattarskapen sin i det nye tiåret. Nye forfattargenerasjonar kom til, blant desse Hamsun, Obstfelder og Krag. Eit rikt mangfald i sjangrar og skrivemåtar er karakteristisk for 1890-talet. Naturalisme og realisme knyter vi til romanlitteraturen og til dramaet. Og episk og dramatisk litteratur står sterkt også på 1890-talet. Men 1890-talet er også lyrikkens tiår. Slik Hamsun med sine 1890-talsromanar, særleg Sult, bidrog til å fornye romanlitteraturen, fornya Sigbjørn Obstfelder og Vilhelm Krag lyrikken. Myten seier at den lyriske modernismen er forseinka i Noreg. Dei som stadig gjentek slikt i nye litteraturhistorier, kan ikkje heilt ha fått med seg dei kontinentale straumane som norsk og nordisk dikting henta impulsar frå – eller rettare sagt: som norsk og nordisk dikting var ei del av.

Garborgs store tiår

1890-talet skulle bli Arne Garborgs mest sentrale diktarperiode. I Hjaa ho mor og det berømte essayet om Hanna Winsnes’ kokebok tek han straumdrag i samtida på pulsen. Det skarpt ironiske essayet er eit oppgjer med all slags forsonleg sameksistens mellom naturalisme og nyromantikk, eit sviande oppgjer med svermariske tendensar halde i eit sanseleg, tidvis nesten lyrisk språk i skildringa av den djerve prestefruas kulinariske lekkeri i kokeboka. Og gjennom tiåret strøymer bøkene på – i ulike sjangrar og skrivemåtar, Kolbotnbrev, Fred, Haugtussa for å nemne nokre. Og blant desse Trætte mænd (1891), Garborgs store salssuksess i Norden og Tyskland, skriven på dansk-norsk, og ikkje landsmål, som dei andre romanane hans vart skrivne på. Denne dagboksromanen om Gabriel Gram og Georg Jonathan, som står så sentralt i den nordiske dekadanselitteraturen, er det få no til dags som har lese i original. Det er mest 1909-utgåva folk har lese. Men no er originalutgåva tilgjengeleg – ei forseggjort utgåve frå Orkana forlag i Lofoten.

Herleg undertittel

Nyutgåva er utstyrt med ein herleg uttidsmessig undertittel: «Med et omfattende etterord av Eivind Tjønneland». Tjønneland gjer slett ikkje skam korkje på Garborg eller Trætte mænd. Han skriv med autoritet, direkte og godt, utan fiksfakseri av noko slag. Han gir presise karakteristikkar av resepsjonshistoria og set debattantane i dekadansedebatten for nokre år sidan, Per Thomas Andersen og Per Buvik, pent på plass. (Og han gir Buvik rett). Og Tjønneland har meir på lager i så måte, for på overtydande vis knyter han Garborg endå nærmare til den franske dekadansen. Og når det gjeld Jan Sjåvik og Geir Morks bøker om Garborgs ironi, går han også eit steg vidare – mot samfunnsendringane boka er skriven fram frå. Summert opp: ei flott utgåve. Og du verden så morosamt det er å lese Trætte mænd!