Musikk

Fyrste store Telemann-biografi

Kolorert akvatint av Georg Philipp Telemann frå ca. 1750.
Kolorert akvatint av Georg Philipp Telemann frå ca. 1750.

BOK

Siegbert Rampe:

Georg Philipp Telemann und seine Zeit

Laaber Verlag 2017

Underleg nok er Georg Philipp Telemann und seine Zeit, skriven av cembalisten, dirigenten og musikkvitaren Siegbergt Rampe, den fyrste boka som med vitskapleg presisjon tek føre seg heile livet og verket til Telemann. Ho er skriven av cembalisten, dirigenten og musikkvitaren Siegbergt Rampe, og finst førebels berre pa° tysk.

Kva er grunnen til at det er så vanskeleg å skriva om Telemann? For det fyrste skreiv han enormt med musikk, og kvart år dukkar det opp nye verk me ikkje har visst om. For det andre skreiv han fire sjølvbiografiar, og desse styrer framleis 90 prosent av oppfatninga vi har om livet hans. Og for det tredje er arkiva der ein kunne gjort seg håp om å finna nytt om livet hans, enten alt utforska eller øydelagde under den andre verdskrigen.

Sant å seia blei eg litt skuffa over denne nye biografien til Rampe, for mykje nytt presenterer han ikkje. Det nye er fyrst og fremst at han mellom to permar samlar informasjonar som til no har vore spreidde på eit utal vitskaplege artiklar. Og i høve Telemann er dette i seg sjølv litt av ein prestasjon.