Musikk
Flest mogleg ingrediensar

Leopold van der Pals heitte ein produktiv komponist og esoterisk antroposof som til no har vore ukjend for meg. Han voks opp som son av ein styrtrik nederlandsk-dansk gummistøvelfabrikant i St. Petersburg og komponerte mellom anna noko så spesielt som eit «antroposofisk rekviem». Stilen i fyrste verket på albumet, Symfoni nr. 1 i fiss-moll, op. 4 (1910), er ei blanding av svær sein romantikk og svevande impresjonisme. Sjølv om Helsingborgs symfoniorkester spelar bra, kjende eg meg overmett etter få minuttars lytting. Det er nemleg som om van der Pals freistar å koka ei suppe med flest mogleg ingrediensar, noko som resulterer i ei sukkersøt, sakteflytande harmonisk væske. Noko meir tolelege er dei tre symfoniske dikta på plata – særleg det naturlyriske Herbst (Haust), op. 14,2, der uttrykksintensiteten er litt meir avdempa.