Musikk

Flammande kantate

Frå musikksalen i Doria Pamphilj-palasset i Roma.
Frå musikksalen i Doria Pamphilj-palasset i Roma.

CD

Georg Friedrich Händel:

Händel

Dorothee Mields, sopran; Hille Perl, gambe; La Folia Barockorchester. Deutsche Harmonia Mundi 2017

Då Georg Friedrich Händel (1685–1759) kom til Italia i 1707, var det byrjinga på eit fire år langt Italia-opphald som skulle bli ein einaste stor triumf. Dei adelege familiane kappast om å engasjera han som huskomponist, for musikk av det slaget den 22 år gamle saksaren skreiv, var noko heilt nytt i Italia. Han kombinerte nemleg tysk fleirstemmig skrivemåte med fargerik fransk instrumentering og italiensk instrumentalvirtuoseri.

Kardinalen Benedetto Pamphilj, erkeprest i Romas domkyrkje Lateranbasilikaen, var ein av dei viktigaste romerske mesenane hans. Kardinalen var òg ein dyktig amatørdiktar, som mellom anna skreiv librettoen (songteksten) til Händels fyrste oratorium. På denne plata med den tyske sopranen Dorothee Mields og La Folia Barockorchester får me høyra eit anna Händel-verk med Pamphilj-tekst: Den verdslege kantaten Tra le fiamme (Gjennom flammane), som blei urframført i Doria Pamphilj-palasset, kardinalens residens som i dag hyser eit av Romas fremste kunstmuseum.

Det er blitt eit vakkert album, for Mields’ slanke, vibratolause røyst er ypparleg til dette repertoaret. I tillegg er orkesterprestasjonane gode, med virtuose soloinnslag for gambe, som her blir spela av stjernegambisten Hille Perl, som òg leiar ensemblet.