Musikk
Finsleg folklore
Trio 1790 spelar skotske folketonar i wienerklassisk tonebunad.

Leopold Koželuh er ein av wienerklassikarane som har hamna i skuggen av «dei tre store», Haydn, Mozart og Beethoven. I si tid var han omtykt både som pianist, komponist og pedagog: Ikkje berre skreiv han kring 30 symfoniar, 22 klaverkonsertar, 24 fiolinsonatar og over 60 klavertrioar, han kledde òg prestisjefulle posisjonar som kammerkapellmeister og hoffkomponist ved keisarhoffet i Wien og var vidspurd som musikklærar for høgadelen – ein av elevane hans var erkehertuginna Marie Louise av Austerrike, ho som seinare blei keisar Napoleons andre kone.
Gamle instrument
Skomakarsonen Koželuh kom til verda i Velvary, ein by halvanna mil nordvest for Praha, og slo seg ned i Wien i 1778. Spesielt avhalden var han for klavertrioane sine (for klaver, fiolin og cello), som han innretta slik at òg amatørmusikarar greidde å spela dei.
På dette albumet nyttar ensemblet Trio 1790 kopiar av instrument frå Koželuhs samtid, med hammarklaver i staden for moderne konsertflygel, og strykeinstrument med tarmstrenger i staden for med stålstrenger. Dette fungerer framifrå: Ikkje berre er ensembleklangen mild og rund. Det fører òg til at klaveret lydleg ikkje dominerer så sterkt som tilfellet ville vore med moderne instrument.
Kultivert og feilfritt
Dei tre innspelte klavertrioane blei til i 1798 og 1799. Som det blir skildra i omslagsheftet til CD-en, skil dei seg frå grosset av Koželuhs trioar ved at mange av satsane byggjer på skotske folkemelodiar. Ta til dømes det fyrste verket, Klavertrio i B-dur, P.IX:41. Opningssatsen, allegro, er rettnok reinhekla wienerklassisk, mykje lik Haydns og Mozarts trioar. Men frå og med andresatsen, andante moderato, byrjar folkloren: Temaet her er den linne skotske folketonen «The Seventh of November», som utetter i satsen blir variert med stadig snøggare tonar i klaveret og fiolinen. Fleire skotske satsar fylgjer, mellom anna den yndige «Locheroch Side», som Koželuh har tonesett som rondeau, ein runddans med variasjonar.
Kor interessante er så desse trioane for oss moderne lyttarar? Det verkar som om Koželuh favoriserte yndige og lyriske folketonar, noko som i lengda fører til uttrykksmessig monotoni. Unnataket er Klavertrio i g-moll, P.IX:45, der opningssatsen har beethovensk stridlynne, og sistesatsen, allegro con fuico, som byggjer på tonen «Up in the Morning Early», der klaveret har snøgge og eldfulle passasjar.
Og korleis er framføringa til ensemblet Trio 1790? Dei spelar feilfritt og kultivert, kan hende litt for kultivert. For hadde dei på folkemusikkvis ornamentert meir og «klint til» med røffe dynamiske skift, ville nok plata vore meir underhaldande.