Film

Filmåret 2019

Det må vera eit godt teikn at filmmeldarane i Dag og Tid er både svært samde og totalt ueinige om dei ti beste filmane på kino dette året.

Helena Zengel spelar den ni år gamle Benni, som vert ein kasteball mellom ulike fosterheimar som ikkje taklar raseriutbrota og det tøffe ytret hennar.
Helena Zengel spelar den ni år gamle Benni, som vert ein kasteball mellom ulike fosterheimar som ikkje taklar raseriutbrota og det tøffe ytret hennar.

Systemsvikt og anna menneskeleg rot toppar lista mi for filmåret som nesten er over.

Sprengt

Litt over to hundre filmar har hatt premiere i Noreg i 2019, eg har sett rundt syttifem. Det er rundt tjuefem færre enn eg pleier. Så eg skal vera den fyrste til med skam å melda at eg kan ha gått glipp av ei handfull filmar som kanskje burde vore inne på lista her. Smerte og ære og Det ville pæretreet er hermed nemnde og står på lista mi ved fyrste høve. Av dei resterande har det heller ikkje vore så vanskeleg å finna dei opplagde favorittane – det lovar jo berre passeleg bra for filmåret. Skulle eg valt éin einaste, så synest eg ikkje det er vanskeleg å svara at tyske Systemsprengeren (regi: Nora Fingscheidt) utmerkte seg i særleg grad, og min spådom i november om at dette kanskje var årets beste film, stemmer framleis for min del. Barnevernsfilmar som dette gjev kanskje ikkje tru på systemet, men trua på menneska som jobbar i systemet, vert forsterka til dei grader.

Sosialt

Ein overraskande og original film eg måtte tenka mykje på, var Transit (regi: Christian Petzold), eit slags andreverdskrigsscenario sett til dagens Frankrike. Og så slepp ein ikkje unna ein dose sosialrealisme om topplista skal vera fullkomen – i år med Sorry We Missed You (regi: Ken Loach). Påminningar om privilegia me tek altfor sjølvsagt i velferdsstaten Noreg, treng me stadig, og når ein ser kva forhold folk lever under i landet me elskar å reisa på shoppingferie til, vert det endå klarare. Det går til og med an å gjera det med eit lystig tilsnitt, som i Shoplifters (regi: Hirokazu Kore-eda). Kore-eda viser oss kva ein familie kan måtta ty til i utrengsmål, samtidig som me blir sjarmerte trill rundt.

Krasj

Meir samfunnsinnsikt frå Asia kjem med sørkoreanske Burning (regi: Chang-Dong Lee), men her som spenningsfilm. Det uføreseieleg i starten gjer at eg tilgjev lengda på nesten to og ein halv time. Og jammen klokkar Barn (regi: Dag Johan Haugerud) inn til over to og ein halv time, og framleis er det suverent på lista over årets beste filmar, både innanlands og utanlands. Ein annan sterk film frå nabolandet Danmark, er Dronningen (regi: May el-Touky), sjølv om det incestuøse ubehaget er såpass sterkt at eg neppe kjem til å sjå han om att. Det kjem eg derimot til å gjera med The Favourite (regi: Yorgos Lanthimos), berre for å sjå Olivia Colmans geniale tolking av dronning Anne. Rolla som Diego Maradona er det berre mannen sjølv som yter rettferd og det gjer han i ein av årets beste dokumentarar med same tittel (regi: Asif Kapadia). Og då er det duka for årets guilty pleasure, og det som gjer meg håpefull på vegner av den oppvaksande generasjonen: full sjarmpott og total latterkjærleik med Rive-Rolf krasjer internett.

Rebellar og stilistar sikrar eit sterkt kinoår før jula set inn.

Opprør

Ingen film slo hardare i år enn tyske Systemsprengeren av Nora Fingscheidt, der barnevernsplasserte Helena Zengel bankar og skrik suverent i protest mot alt og alle. Form og innhald står i perfekt uro saman. Ikkje noko var så kjekt som å sjå kjæraste Diego herje i dokumentaren Diego Maradona av Asif Kapadia. For eit driv! Det vakraste opprøret fekk vi med I morgen danser vi, der ulovleg kjærleik kolliderer med konservative kulturpampar i nydeleg dans. Svensk-georgiske Levan Akin har skrudd sjarmen opp til elleve. Tradisjonelle familiestrukturar fekk ein oppfinnsam og underhaldande kilevink i Shoplifters av Japans familiemann Hirokazu Kore-eda. I den solrike skrekkfilmen Midsommar frå Sverige gjer Ari Aster frå USA eit så sprøtt og friskt angrep på skandinavisk kultur at han kibbar ut utmerkte Us av landsmannen Jordan Peele på skrekkvota.

Stil

Den skrekkeleg kaotiske kjensla av bileta i Solnedgang i Budapest av László Nemes skal ha ros for stram stil. At den subjektive fotoforma frå Sauls sønn lét seg overføre frå utryddingsleir til undergangen for Austerrike-Ungarn, imponerer. Historiske hendingar er elles skildra hemningslaust i The Favourite. Sprut sprø Yorgos Lanthimos har laga ein frykteleg festleg film som har alt ein kan krevje av ein britisk kostymekomedie. Olivia Colman og Rachel Weisz skin i mørke krikar og krokar.

Stilsikre Pedro Almodóvar har skuffa i det siste, men i Smerte og ære perfeksjonerer og tematiserer han estetikken og livet sitt med stort hell. Antonio Banderas har neppe spelt betre. Det storslagne narkoeposet Birds of Passage av Cristina Gallego og Ciro Guerra med wayuufolk i Colombia har formidable bilete og stel kanskje ein plass framom den stille sansestraumen Godt nyttår, Chile. Konkurransen er hard. Det ser ein spesielt når En hvit, hvit dag av Hlynur Palmason knip ein islandsk plass for førebiletleg tolmod, topp komponerte bilete og rått klimaks. Festen og kampropet Kvinne på krigsstien kunne like gjerne tatt den.

Barn av Dag Johan Haugerud kunne lett vore inkludert for djupn, nyansar og nydeleg narrativ i elegant estetikk. Saman med Håp av Maria Sødahl og Disco av Jorunn Myklebust Syversen har vi fått tre norske filmar av høg internasjonal klasse i år.