Kunnskap
Yngelròte
For å få friske bifolk må biene ha godt med mat gjennom heile sesongen (både sukker og protein) og ein kube der det er rett mengd bier til å gjere arbeidet utan at det blir for trongt om plassen.
Foto: Jon Sullivan / Wikimedia Commons
No er det ei travel tid i bigardane rundt om i landet. Biene sjølv er godt i gang med vårreingjeringa, men der det er mange daude bier i kuben etter vinteren, må birøktaren hjelpe til.
Det er viktig å finne ut om det er nok bier i kvar kube til at dei kan halde oppe temperaturen i kalde vårnetter så ikkje yngelen skal bli forkjølt, og om det er nok mat i starten av sesongen. Er det lite blomar i nærleiken, bør biene få litt tilleggsfôring for å komme raskare i gang.
Røktaren må òg undersøkje om bifolka er sunne og friske, eller om det er teikn til nokon av dei mange alvorlege sjukdommane som trugar dei hardt arbeidande honningbiene.
Brunbier
Honningbier er blant dei eldste husdyra våre, og produksjon av honning er i dag ei viktig næring i store delar av verda, berre i Noreg er det registrert meir enn 4000 birøktarar.
I Noreg og landa kring Nord-
sjøen har vi ei mange tusen år gamal historie med ein stadeigen rase, brunbier. Dei er spesialtilpassa kystlandskapet vårt med kald vinter, ein litt langstrekt og ikkje altfor næringsrik vår og så ein lang og næringsrik sommar og haust fylt med freistande røsslyng.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.