Viva Sardinia!
Porcheddu – grilla pattegris.
Foto: Wikimedia Commons
Reisa startar på semraste vis. Ein av oss lid av flyskrekk, som han bruker eit gammalt kjerringråd for å overvinne: brennevin. Vår ven kjem tumlande ut av flyplasstoalettet med høgoktan whiskyande og eit blikk som Humphrey Bogart. Deretter inn i den store, skumle stålfuglen, på med beltet og det vanlege føredraget om kva reint praktisk vi skal gjere når katastrofen inntreffer. Vi forstår at vi er heilt trygge når vi flyr over dei tyske Alpane, for alle har jo flytevest under setet. Fuglen taksar bortover rullebana på Kastrup, og med eitt kan vi høyre grufulle skrik. Ei dame med enda meir fastskrudd flyskrekk enn vår ven har, går rungande berserkgang bortover midtgangen og skrik: «Eg vil av! Eg vil av! Stopp flyet!»
Spetakkelet som oppstår, gjer at kapteinen ikkje ser anna råd enn å lyde. Flyet må returnere til piren, dama blir lossa av med ein solid reprimande, og så må dei jo leite fram bagasjen hennar i lasterommet og deretter søke Tobias i tårnet om ny slot time.
På 90-åras Kastrup kunne slikt ta tid, og det gjorde det. Så lang tid at da vi endeleg taksa ut på rullebanen igjen, var vår ven klink edru – og like avskremd som før. Bogart var plutseleg blitt ei skjelvande spissmus.
Vi landa i alle fall trygt og godt i Alghero. Vår ven kom seg og sat resten av opphaldet og måla harmoniske akvarellar på stranda.
Alghero er ein roleg stad, om du har flaks. Vi hadde ikkje heilt det, for alle italienske ungdommar eig ein scooter og sit limte fast på han heile dagen, og hotellet vårt låg like ved eit vegkryss. På kvart einaste grøne lys gassa like mange scooterar som det er mygg på Finnmarksvidda, gjennom krysset. Alghero Grand Prix, døgnet rundt. Vi fekk bruk for både raudvin og øyreproppar. Men maten var framifrå. Vi opplevde til og med ein vaskeekte sjuretters familiemiddag. Spesielt pastaen med steinsopp var ubetaleleg. Kvart einaste år døyr om lag femti italienarar i jakt på steinsopp, det seier sitt om kor høgt dei elskar han.
Har du fersk sopp, steik han oppdelt i tørr panne så fukta går ut, før du har i smør og litt raspa kvitlauk. (Bløyt tørka steinsopp i varmt vann, sil krafta og bruk litt av henne i sausen, ho er heilt vanvitig smakfull.) Steik vidare til soppen er mør, tilset fløyte og pepar og lat det koke litt inn. Tagliatelle passar perfekt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.