JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Viva Sardinia!

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Porcheddu – grilla pattegris.

Porcheddu – grilla pattegris.

Foto: Wikimedia Commons

Porcheddu – grilla pattegris.

Porcheddu – grilla pattegris.

Foto: Wikimedia Commons

5001
20200703

Sardinia

Sardinia var før kjend som Ichnusa. Namnet stammar frå om lag 1500 år før Kvitekrist, ein kombinasjon av nusa, som tyder ’øy’, og hyksos, ei stamme som invaderte øya. Dei gamle grekarane har òg brukt namna Argilofleps og Sandaliotis.

Du skal ikkje late deg skremme av scooterhistoria mi. Sardinia er ein svært roleg stad dersom du vel rett. Øya har til dømes ikkje ein einaste motorveg. Eit godt føredøme, meiner no eg.

Desserten tiramisu er òg populær på Sardinia. Vi hadde med vår førstefødde på to år, som også fekk eit digert glas av han. Så vart han i så uvanleg lysteleg humør og mykje meir raudmussa enn vanleg. Det var då vi fann ut at tiramisu er breddfull av kaffilikør.

Kjelder: Tangoitalia.com, Walkingpalates.com, Wikipedia, Essentialitaly.co.uk

Matmonsen

Dagfinn Nordbø elskar mat og skriv om det i Dag og Tid.

Reisa startar på semraste vis. Ein av oss lid av flyskrekk, som han bruker eit gammalt kjerringråd for å overvinne: brennevin. Vår ven kjem tumlande ut av flyplasstoalettet med høgoktan whiskyande og eit blikk som Humphrey Bogart. Deretter inn i den store, skumle stålfuglen, på med beltet og det vanlege føredraget om kva reint praktisk vi skal gjere når katastrofen inntreffer. Vi forstår at vi er heilt trygge når vi flyr over dei tyske Alpane, for alle har jo flytevest under setet. Fuglen taksar bortover rullebana på Kastrup, og med eitt kan vi høyre grufulle skrik. Ei dame med enda meir fastskrudd flyskrekk enn vår ven har, går rungande berserkgang bortover midtgangen og skrik: «Eg vil av! Eg vil av! Stopp flyet!»

Spetakkelet som oppstår, gjer at kapteinen ikkje ser anna råd enn å lyde. Flyet må returnere til piren, dama blir lossa av med ein solid reprimande, og så må dei jo leite fram bagasjen hennar i lasterommet og deretter søke Tobias i tårnet om ny slot time.

På 90-åras Kastrup kunne slikt ta tid, og det gjorde det. Så lang tid at da vi endeleg taksa ut på rullebanen igjen, var vår ven klink edru – og like avskremd som før. Bogart var plutseleg blitt ei skjelvande spissmus.

Vi landa i alle fall trygt og godt i Alghero. Vår ven kom seg og sat resten av opphaldet og måla harmoniske akvarellar på stranda.

Alghero er ein roleg stad, om du har flaks. Vi hadde ikkje heilt det, for alle italienske ungdommar eig ein scooter og sit limte fast på han heile dagen, og hotellet vårt låg like ved eit vegkryss. På kvart einaste grøne lys gassa like mange scooterar som det er mygg på Finnmarksvidda, gjennom krysset. Alghero Grand Prix, døgnet rundt. Vi fekk bruk for både raudvin og øyreproppar. Men maten var framifrå. Vi opplevde til og med ein vaskeekte sjuretters familiemiddag. Spesielt pastaen med steinsopp var ubetaleleg. Kvart einaste år døyr om lag femti italienarar i jakt på steinsopp, det seier sitt om kor høgt dei elskar han.

Har du fersk sopp, steik han oppdelt i tørr panne så fukta går ut, før du har i smør og litt raspa kvitlauk. (Bløyt tørka steinsopp i varmt vann, sil krafta og bruk litt av henne i sausen, ho er heilt vanvitig smakfull.) Steik vidare til soppen er mør, tilset fløyte og pepar og lat det koke litt inn. Tagliatelle passar perfekt.

Sardiniarane er sjølvsagt bortskjemde med skaldyr, og i nord serverer dei ofte hummaren som ein salat, med ferske tomatar og raudlauk. Legg til ein god lokal kvitvin – å hildrande du! Ein annan guddommeleg rett på Sardinia er porcheddu, pattegris, som blir grilla heil på spidd i nokre timar, med myrteblad.

Ein pattegris på 4–6 kilo skulle halde fint til ein heidundrande grillkveld. Han er fødd opp på berre morsmjølk, så smaken er heilt annleis, mildare enn anna svinekjøtt. Eg kjem aldri til å bli veganar, den saka er klar. Men eg passar alltid på at det dyret eg et, har vore så lykkeleg som mogleg inntil det uvitande møter lagnaden sin.

Agnello con finocchietti er ungt lam, stua med lauk, tomatar og fennikel. Og kva seier du til sebadas: søt focaccia bakt med pecorino (sauemjølkost) og bitter honning frå blomar frå jordbærtreet? Det er jo det vakraste dikt! Ein skulle nesten tru at sardinske kokkar var poetar, alle saman. Kanskje dei er det. I det heile er det å oppleve italiensk matglede heilt eineståande, uansett region. Dei er ein nasjon som sjeldan klarer å skramle saman ei regjering som varer lenger enn to veker, men på mat er dei uslåelege.

Italienarar likar å seie at dei grunnla det franske kjøkkenet då Katarina av Medici (1519–1589) blei dronninga til Henrik II. Ho tok med seg ein heil hær av italienske kokkar og introduserte mellom anna italienske smakar som artisjokk, trøffel, fiken, spinat, kvite bønner og italiensk vin. I hennar tid gjekk franskmennene over til meir bruk av lokale urter, framfor dei eksotiske kryddera frå Silkevegen. Kusina til Katarina, Marie, gifta seg med Henrik IV, og kokken hennar, La Varenne, forfatta boka Le Cuisinier Française, om familien Medicis innverknad på fransk kokkekunst.

Dagfinn Nordbø

Dagfinn Nordbø er tekstforfattar og satirikar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg kjem aldri til å bli veganar, den saka er klar.

Emneknaggar

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis