Kultur

¿ Visene til Bjørneboe

I dag er det 100 år sidan Jens Bjørneboe vart fødd. Som lyrikar i 25 år spegla og utfordra han skifta i norsk lyrikk.

Sjølvportrett. Jens Bjørneboe, Oslo 1942.
Sjølvportrett. Jens Bjørneboe, Oslo 1942.
Publisert

Lytt til artikkelen:

Jens Bjørneboe vart fødd i Kristiansand 9. oktober 1920. Etter å ha utdanna seg til biletkunstnar i 1940-åra, diktdebuterte han i 1951 og verka i 25 år som lyrikar, romanforfattar, dramatikar og essayist. Minst merksemd i litteraturen om han har gått til lyrikken, som rammar inn forfattarskapen, frå debutboka Dikt (1951) til jazz- og lyrikkalbumet Våpenløs (1976), spela inn med han som vokalist, veker før han hengde seg.

I dette kvarte hundreåret endra norsk lyrikk seg formalt, frå dikt med til dikt utan rim, frå seintradisjonalisme til modernisme. Samstundes vart songlyrikken meir urban, moderne og litterær.

Utviklinga kan ein studera i lyrikken til Bjørneboe. Han spegla og utfordra endringane. Frå 1951 til 1976 gjekk han frå eit skriftleg til eit munnleg uttrykk, frå bok og pocketbok til teaterscene og musikkalbum.

Skriftleg med rim

Seksten klassiske og formfullenda, men eigenarta sonettar opna forfattarskapen og debutboka Dikt (1951). Forma, som han lærte av fetteren André Bjerke, fylte han med ein eksistensiell intensitet som hjå austerrikske Rainer Maria Rilke (1875–1926). Biletkunst inspirerte han, som den florentinske 1200-talskunstnaren Cimabue, i ein sonett med hans namn, og med ei sakleg, anatomisk tilnærming til ei avretting:

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement