Vinterleikane
SEOUL: I staden for å fara heim til Fana drog Noregs nye skeisestjerne Håvard Lorentzen rakt til Kina, som skal vera vertskap for dei neste vinterleikane.
Lee Kyungeun arbeidar for TBS, ein av dei største kringkastarane i Sør-Korea, og trong ein utlending til ei direktesending.
Alle foto: Håvard Rem
Beijing-leikane om fire år vil truleg få langt meir preg av den folkefesten som eigenleg var det einaste som vanta i Pyeongchang. Folk flest bur i Kina, og innrykket av nordmenn vert nok langt større enn i Sør-Korea. Kvifor? Den kinesiske hovudstaden er av dei største og mest innhaldsrike byane i verda. Opninga av Beijing-leikane fell saman med den veka landet skal feira kinesisk nyttår. Air Chinas direktefly frå Stockholm tek deg dit på åtte timar for 4000 kroner tur/retur. Hotell- og Airbnb-prisane er låge etter norsk målestokk. Atomfrykt og krigsredsle vil vonleg ikkje halda folk heime. Mogelegheita for å få oppleva det som i 2022 truleg er verdas mektigaste land, vil for somme vera meir enn eit påskot til å fara. Under Pyeongchang-OL vart det klart at Xi Jinping, som var øvste ansvarlege for sommarleikane i Beijing i 2008, og som i mellomtida har vorte Kinas president, etter alt å døma vert sitjande på livstid – eit signal som ikkje oppmuntrar demokratiseringa i dei mange landa som etter kvart har Kina og ikkje vesteuropeisk fleirpartiparlamentarisme som ideal.
Minoritet
Den siste kamparenaen eg vitja før eg drog til Sør-Korea, var Colosseum i Roma. Framleis er det stor interesse for kva som gjekk føre seg der for snart 2000 år sidan, men i dag gjeld den historiske entusiasmen livet kring arenaen, ikkje kven av dei gløymde utøvarane som vann. Romarane har vore flinke på etterbruk. Om eit par tusen år er det tvilsamt om 10.000 menneske dagleg valfartar til Vikingskipet på Hamar. Kva er å hugsa frå livet kring stadiona i Sør-Korea? Når eg gjekk rundt i og utanfor dei olympiske anlegga i Pyeongchang og Gangneung, fekk eg stundom ei kjensle av at tilreisande publikummarar var i mindretal. Kjensla var god på det viset at du slapp å stå i kø – ved innsjekkinga til hotellet, ved shuttlebussen som tok deg til stadion, i tryggleiks- og billettkontrollen utanfor anlegget, framom matbuene og toaletta inne på stadion og utanfor puben eller restauranten me vitja etter øvingane. Kombinasjonen av få tilreisande og nordaustasiatisk logistikk fekk køane til å løysa seg opp som morgondis i ei koreansk februarsol som varma meir for kvar veke som gjekk. Me frå Nord-Europa og Nord-Amerika kom i eit endå meir iaugefallande mindretal når du såg vekk frå dei mange tilreisande frå Kina og Japan.
Men kjensla av å høyra til ein billettkjøpande minoritet kom fyrst og fremst av dei mange ikkje-publikummarane som tok del i leikane. Kven var dei? Til dei hundre øvingane kom det frå hundre land i alt 3000 utøvarar som ein rett nok såg lite til, anna enn på stadiona og skjermane, men for kvar utøvar var det ei rekkje støtteapparatmenneske du såg heile tida av di dei var like olympisk uniformerte som supporterane i flaggkappe og parodiar på nasjonale hovudplagg. Det var administrativt personell som gjerne er tidlegare OL-utøvarar, massørar og helsearbeidarar, nasjonale presseattachear, trenarar og smørjarar. I tillegg møtte du jamleg grupper på tretti politifolk, meir slentrande enn marsjerande i to rekkjer. Dei gråraude kjeledressane til dei 15.000 friviljuge var kring deg overalt.
Demonstrantar
Politiske demonstrantar var ei anna billettlaus gruppe. Då Erna Solberg drog for å sjå herrestafetten, stogga ho neppe i teltet til No Nuke Korea. Som Noreg har ikkje Sør-Korea slutta seg til FN-vedtaket om å forby atomvåpen. Demonstrantane var blide og baud på kaffi, utkledde som superheltar. Heilt annleis hissige var koreanarane som demonstrerte mot naboane i nord, med utlendingane som målgruppe, for dei la aksjonane der shuttlebussane køyrde oss til idrettsanlegga. Med sørkoreanske og amerikanske flagg, og med handskrivne plakatar som hylla Donald Trump, protesterte dei mot dialogen med Nord-Korea. Utlendingar såg nyfikne på dei medan landsmenn- og kvinner såg brydde ut. Ein politimann smilte og rista på hovudet då eg spurde han om bodskapen deira, men det seier sitt om Sør-Korea at han ikkje viste dei vekk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.