Vinterleikane
SEOUL: Sør-Korea ligg i det nordlege beltet kring kloden der det i om lag 100 år har vore arrangert vinter-OL.
Ein einsleg og godt kledd syklist tek seg fram attmed den islagde Han-elva, som renn gjennom Seoul, hovudstaden i Sør-Korea.
Alle foto: Håvard Rem
Alt i lufthamna utanfor Oslo skjønar eg at dette ikkje vert ei vanleg Asia-ferd. Det er gjerne ikkje mykje bagasje du må ha med deg om du dreg til den asiatiske stillehavskysten. Stundom har eg nøgd meg med ein sekk som eg får med inn i kabinen. Kva treng du eigenleg på ei palmestrand? Om medpassasjerar då kjem til Gardermoen med spesialbagasje, kan det vera dykkarutstyr eller eit seglbrett, og ikkje som no: førti par ski.
Eg dreg kjensel på Martin Johnsrud Sundby og Finn Hågen Krogh og skjønar at eg skal med same fly som dei norske langrennsherrane. Like sjølvsagt som eg saknar galningen Northug, skal eg stå attmed sporet og heia på stafettlaget i Pyeongchang. Men fyrst skal eg til Gangneung og sjå skeiseløp. At det alltid har vore den meir matematiske kappestriden på isen som har fascinert meg mest, får eg høve til å gjera greie for neste veke når eg finn setet mitt i Gangneung Oval for å fylgja 1500-meteren. Men litt førebuande forhistorie er på sin plass alt no. Dei skeiser jo, langrennsløparane og skiskyttarane òg.
Lårfråsparket
I handbagasjen om bord i flyet har eg med ein bibel frå barndomen, ei årbok eg gjerne skaffa meg som gut, og som no har byrja å koma ut att, Alt om skøyter 2018, fleire hundre sider med adelskalendrar, tabellar og resultat frå skeisehistoria, tal som eg skal meditera over på den lange flyreisa. Eg er av dei som søv dårleg på fly. Ikkje av di eg er redd – tvert om tenkjer eg at ein flystyrt er av dei mindre vonde visa å døy på, snøgt og i lag med folk, ikkje langsamt og åleine. Nei, eg les, skriv, samtalar og ser film, men i den augneblinken eg skal sleppa taket og falla i svevn, vaknar eit steinalderinstinkt og gjer meg medviten om at rett utanfor er det femti kuldegradar og mindre oksygen enn øvst på Mount Everest, og at den tynna lufta er alt som skil stolen min frå dei frosne finske innsjøane der nede.
Det var på dei innsjøane menneska byrja å skeise, meiner forskarane, ein gong etter den store istida. Sivilisasjonane voks gjerne fram attmed vatn, om det no var kyst eller elver, av di landtransport var langt meir tid- og kostnadskrevjande enn transport på vatn. Men kva gjorde menneska nord for førtiande breiddegrad der vatnet jamleg fraus til is? Korleis kryssa ein dei 180.000 finske innsjøane om vinteren? Bein frå store dyr, med hol til reimar, vart festa under føtene. Dei glei greitt av stad, men sjølve framdrifta var det armmusklane og ein lang stokk som sytte for, på finske innsjøar som på norske fjordar, der stokken òg vart nytta som bergingsreiskap dersom ein gjekk gjennom isen.
Ein staka og glei, om lag som på ski. Sjølve skeisinga, sideskjer med lårfråspark, kom ikkje før med byrjinga av den vesle istida, kring 1300, då hollendarane erstatta dyreknoklane med blad av jarn. At dei framleis har eit forsprang, er eg redd me får sjå i Gangneung. Framdriftsteknikken har synt seg overlegen, med ein fart på flatmark – opp mot 60 kilometer i timen – som menneske elles ikkje oppnår på eiga hand.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.