Vinterleikane
PYEONGCHANG: Slik dei norske utøvarane tek flest medaljar, får dei norske publikummarane mest merksemd. Men så sjåvinistiske som sørkoreanarane vert me nok aldri.
Norske supporterar på herrestafetten i Pyeongchang. Fremst: Trikkeførar Morten Hagenstuen, òg kjend som Vikinghovdingen.
Alle foto: Håvard Rem
Det overfylte nattoget fór vestover på eit jarnbanespor frå Japanhavet til Gulehavet. Ein politimann freista å åla seg gjennom mengda av langt høgare passasjerar. I dei mørke togvindauga såg ein atterskinet av den signalgule refleksvesten hans røra seg som moreld på eit raudt hav, for slik var passasjerane kledde, draperte i halvannan meter lange flagg, med flagg i handa eller peikande opp av ryggsekken. Somme var raude i andletet av ein lang dag med rop og risvin, men òg av andletsmåling frå øyre til øyre, frå hårfeste til hake, med ei kvit og blå stripe over nase og tinning. Ein koreansk togkupé er til vanleg ein god stad for meditasjon, men no fór orda høgt mellom seteradene i eit mangfald av målføre. På trøndsk og jærsk vart det lagt planar om nattmat og etterfest i ein by dei kalla Sævl.
«Kor – e – a! Kor – e – a!» skreik ein som ikkje fann sambuaren. Når såg du i Aust-Asia ei blanding av syttande mai og holmenkollsundag? Og kvifor tek så mange av dei raudkledde dagleg toget fram og attende dei femten mila mellom Seoul og skibyen Pyeongchang eller skeisebyen Gangneung? Av di eit lurvete motellrom i ein av OL-byane kostar ein halv million won i døgeret, kring 3000 kroner, medan det er lågsesong i ein hovudstad der dei drygt ti millionar innbyggjarane snautt merkar at det går føre seg vinterleikar aust i landet.
Taekwondo-rop
Dagen byrja med blå himmel og vindstille, varmande sol og folkefest i eit fullsett skistadion i Pyeongchang. Mot ein svart bakgrunn av mørkkledde koreanarar såg ein gule, blå og raude fargeklattar der dei mest feststemte russarane, finnane og nordmennene hadde fylka seg. Stafett er stafett, men òg nasjonskamp. Då er det ikkje individ og andlet, men flagg og lands-lag som tapar og vinn, slik det har vore sidan øvinga kom med under dei tyske leikane i 1936. Noreg har i heile den olympiske historia vunne herrestafetten berre tre gonger. Sverige kunne i dag vinna for tredje gong på rad.
Dei enda to minutt bak. Eit anna høgdepunkt var ein koreansk speaker av Bjørge Lillelien-format som haussa opp stemninga på tredje etappe då russaren vart teken att av Simen Hegstad Krüger, eit namn der ikkje berre ü-en vart ein i, som når ein norsk-asiatisk ekspertkommentator i landhockey lyftar fram spelarar som «skiter treffsikkert», men «Kriger!» kom i kraftfulle støyt som eit kamprop i taekwondo.
Dei siste minutta av stafetten vart nasjonal yatzy. Ikkje berre avgjorde Johannes Høstflot Klæbo med eit Northug-rykk som synte at òg generasjonsstafetten går vidare. Forspranget vart stort nok til at han rakk å koma oss i møte med eit norsk flagg i handa. Og då han gjekk over mål, vann Noreg ikkje berre stafetten, men viktigare: I same sekund gjekk Noreg føre Tyskland på medaljetabellen. Me vart liggjande øvst natta over av di eit dramatisk målfoto i 15 km skiskyting seinare på kvelden synte at tyske Simon Schempp berre fekk sylv då han vart slegen med berre få centimeter på målstreken.
Paris-OL 2024
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.