Vinje og antikkenOm ikkje samtida fullt ut forstod Vinje, trur eg vår tid kanskje er meir open for det mangfaldige uttrykket og mystikken i naturen, skriv Åsta
Om ikkje samtida fullt ut forstod Vinje, trur eg vår tid kanskje er meir open for det mangfaldige uttrykket og mystikken i naturen, skriv Åsta Østmoe Kostveit.
Statuen av Aasmund Olavsson Vinje på Sogn studentby i Oslo.Statuen av Aasmund Olavsson Vinje på Sogn studentby i Oslo.
Foto: Roar Blåsmo-Falnes. Foto: Roar Blåsmo-Falnes.
I 1938 skreiv Sigmund Skard doktoravhandlinga si om A.O. Vinje og antikken, og sidan har andre forskarar sett søkjelys på denne sida ved Vinje, tilknytinga til antikken.
Men alt i 1922 stod det ein artikkel i Samtiden. Den var skriven av Kr. Indrehus, og sjølvaste Francis Bull tok han fram i si førelesing om Vinje. Artikkelen heiter berre Vinje, men handlar om Vinjes naturkjensle, som Indrehus samanliknar med antikkens syn på naturen.
Kr. Indrehus var fødd i 1860 i Bremanger. Då han skreiv artikkelen, sat han på Stortinget for Venstre i Sogn og Fjordane, frå 1913–1930. Indrehus var gardbrukar med mange politiske tillitsverv. Han hadde folkehøgskule som ballast og stor kunnskapstørst. Særleg åra på Stortinget las han mykje, filosofi, litteratur og soge. Han var den mest tidgjengde gjesten på stortingsbiblioteket.
Som andre ser også Indrehus dei store motsetnadene i Vinje og skjønar godt at Vinje blei omstridd i samtida, og også seinare.
«Og dog – det stiger frem fra dette konglomerat en særmerkt drømmende skikkelse med tunge alvorlige drag, en mand som har følt sterkere end de fleste smerten over naturens forkrænkelighet, følt dens høihet og hellige mystikk, og hvis sjæl ofte blir fyldt av naturens evighetsstemning.»
Alt det andre blir «biting», meiner Indrehus. Det sentrale, eller skal vi seie kjernen, blir Vinjes djupe naturkjensle. Og utan at vi sjølve har noko av denne naturkjensla, vil vi ikkje kunne forstå Vinje som menneske og diktar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.