Vinje og antikken
Om ikkje samtida fullt ut forstod Vinje, trur eg vår tid kanskje er meir open for det mangfaldige uttrykket og mystikken i naturen, skriv Åsta Østmoe Kostveit.
Statuen av Aasmund Olavsson Vinje på Sogn studentby i Oslo.
Foto: Roar Blåsmo-Falnes.
I 1938 skreiv Sigmund Skard doktoravhandlinga si om A.O. Vinje og antikken, og sidan har andre forskarar sett søkjelys på denne sida ved Vinje, tilknytinga til antikken.
Men alt i 1922 stod det ein artikkel i Samtiden. Den var skriven av Kr. Indrehus, og sjølvaste Francis Bull tok han fram i si førelesing om Vinje. Artikkelen heiter berre Vinje, men handlar om Vinjes naturkjensle, som Indrehus samanliknar med antikkens syn på naturen.
Kr. Indrehus var fødd i 1860 i Bremanger. Då han skreiv artikkelen, sat han på Stortinget for Venstre i Sogn og Fjordane, frå 1913–1930. Indrehus var gardbrukar med mange politiske tillitsverv. Han hadde folkehøgskule som ballast og stor kunnskapstørst. Særleg åra på Stortinget las han mykje, filosofi, litteratur og soge. Han var den mest tidgjengde gjesten på stortingsbiblioteket.
Som andre ser også Indrehus dei store motsetnadene i Vinje og skjønar godt at Vinje blei omstridd i samtida, og også seinare.
«Og dog – det stiger frem fra dette konglomerat en særmerkt drømmende skikkelse med tunge alvorlige drag, en mand som har følt sterkere end de fleste smerten over naturens forkrænkelighet, følt dens høihet og hellige mystikk, og hvis sjæl ofte blir fyldt av naturens evighetsstemning.»
Alt det andre blir «biting», meiner Indrehus. Det sentrale, eller skal vi seie kjernen, blir Vinjes djupe naturkjensle. Og utan at vi sjølve har noko av denne naturkjensla, vil vi ikkje kunne forstå Vinje som menneske og diktar.
Indrehus skriv vidare:
«Vinjes naturfølelse var primitiv menneskelig, enkel, direkte uten ’kunstnerisk ikledning’ således som han så og følte det på fjellet og vidden i sin første ungdom.
Naturen er høy og mektig over alt annet, her må en ta sine sko av, her er det hellig grunn, Undertonen er sorgen … den dype menneskelige smerte over livet som visner og dør.»
Gresk åndsliv
Skal ein finne denne opphavlege, inderlege naturkjensla, må ein attende til antikken, meiner Indrehus. Han var sjølv djupt interessert i antikken – det greske åndsliv. Og ettersom han var ein flittig brukar av stortingsbiblioteket, kjøpte dei ofte inn bøker etter hans ynske.
For Vinje, som for Indrehus, er ikkje antikken berre knytt til ein tidsepoke og eitt land, Grekland. Han er meir eit bilete på det allmennmenneskelege. Det klassiske er det opphavlege, det ekte og naturlege, som ein kan finne att i det nasjonale. For å finne den enkle, høge naturkjensla som er hjå Vinje, må vi gå attende til den gamle tids diktarar. Vår tid har fjerna seg frå naturen, meiner Indrehus, er blitt «overforfinet, overspesialisert». Det er nettopp i naturen at livet har si evige fornying.
Så derfor, seier Indrehus, er det ikkje rart at Vinje, trass i at han elles i tankelivet var ein moderne mann, lengta attende til antikken med si primitive naturkjensle:
Attende til antikken
Å, eg vert trøytt av det kunstige liv og lengtar attende
til dette greie og elskande eg i ung-domen kjende…
Shakespeare og Goethe kan tankane snu og leikande vende,
men til Homer og Edda må du på slutten attende.
På fjellturane var Vinje ofte i lag med brørne Ernst og Ossian Sars. Ernst Sars fortel at då var Vinje i strålande humør, full av vidd og vitsar. Så kunne dei få eit storslege utsyn, og med eitt kunne Vinje kaste seg ned og gråte.
I diktet «Faderen til den heimanfarande sonen» skriv Vinje:
For sorg og skilnad ingen sterk kan gråta: slikt er veikes verk.
Men alltid hjå den sterke mann – just der eg fann, at tårer for det fagre rann
Uforståande vener
Ernst Sars skjøna ikkje denne sida av Vinje, meiner Indrehus, og skriv: «Det er tydelig at han ikke har følt noget dypere åndsslektskap med Vinje, og han har visselig stått uforstående for det dypeste i hans sjæleliv, for hans naturfølelse og tungsinn.»
Ernst Sars og Vinje var i lag i Døleringen og på fjellturar, og dei var vener. Men Sars var ingen ekte ven, seier Indrehus, og refsar han for korleis han kunne fare fram mot Vinje. Han var en villmann, skreiv Sars om Vinje «…krypende, upaalitelig, utro, som en hund som hyppig skifter herre».
Det var modig gjort av Indrehus å kritisere Sars, for han var si tids store intellektuelle førar. Då han døydde i 1917, fem år før denne artikkelen blei skriven, blei han velfortent heidra av folk og stat.
Vinje hadde ein fulltru ven – naturen.
I naturlyrikken går Vinje heilt opp i naturstemninga, det er som hans sjel heilt er metta av naturens mystikk, skriv Indrehus. Så når han ligg dødssjuk på Gran, er hans ånd på Falketind.
Naturlyrikar
Det ser ut som om Indrehus kjende åndeleg slektskap til Vinje. Då Kr. Indrehus kom til Eidsbugarden for fyrste gong med nokre av dei vaksne borna sine, måtte han ha ei stund for seg sjølv inne i bua.
I den grad folk flest kjenner til A.O. Vinje i dag, er det som naturlyrikar. Alt det andre er «biting», som Indrehus seier. Om ikkje samtida fullt ut forstod Vinje, trur eg vår tid kanskje er meir open for naturens mangfaldige uttrykk og mystikk. Det store ved Vinje er at han kan skildre slike stemningar og opplevingar for oss, kle dei i enkle heimslege ord og gjera dikta til våre:
Her er so vænt, det kan meg grøta,
for det, um eg er vaksen kar,
for dal og fjøll og sol meg møta
som heime då eg liten var.
Eg høyrer som naturens store
og friske glade hjarteslag,
Ja, herre, alt det som du gjorde
er ungt som det var skapt i dag.
Åsta Østmoe Kostveit
Åsta Østmoe Kostveit er
lærar og forfattar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Kate Winslet spelar tittelrolla i ei sann historie om den banebrytande fotografen Lee Miller, som forlét eit glamorøst liv som modell for å dokumentera andre verdskrigen.
Foto: Filmweb.no
Det andre blikket
Den formeltru filmen om fotografen Lee Miller gjev eit velkome blikk på krig og kjønn.
Tormod Haugland, frå Radøy i Hordaland, forfattardebuterte som 32-åring og har sidan gitt ut ei lang rekke romanar, noveller, dikt og dramatikk.
Foto: Helge Skodvin
Livets dropar
Hauglands fabel pendlar mellom draum og røynd.
«Moren» blir løfta på plass utanfor Munch-museet i 2022.
Foto: Heiko Junge / NTB
Hvor original er «Moren» foran Munchmuseet?
Anna Fesun, «Guds moder», gjev «magisk hjelp» til hjelpelause og medvitslause ukrainarar – mot eit verdsleg vederlag.
Krig og psyke
Det er vanskeleg å vite om den nye «sigersplanen» som president Zelenskyj nyleg varsla, er ein verkeleg sigersplan eller berre ein ny freistnad på å kurere tungsinn i det ukrainske samfunnet.
Teikning: May Linn Clement
Ikkje til stades
«Kva er det han tråkker sånn for? Tenker folk. Skal han på besøk, eller hente noko? Nei, som vanleg skal han berre opp og snu.»