Vinden frå høgreVenstresida i Nederland har kollapsa, seier nederlandske kommentatorar om det politiske valet i landet.
Venstresida i Nederland har kollapsa, seier nederlandske kommentatorar om det politiske valet i landet.
Aldri før har det vore så stor interesse knytt til det politiske valet i Nederland. Grunnen er sjølvsagt framgangen Geert Wilders og det innvandringskritiske einmannspartiet (PVV) hans har hatt: Ut ifrå meiningsmålingar såg fridomspartiet ut til å få fleirtal i det nederlandske parlamentet.
Men som Håvard Rem skriv, hadde nederlendarars kjærleik til EU djupare røter i nederlandsk jord enn det Wilders trudde.
I norske og utanlandsk presse er difor Wilders nederlag hovudsak – «Jubler over Wilders tap», heiter det på NRK.no. Men overskriftene i nederlandske aviser etter valet har ein heilt annan bodskap: «Den politiske venstresida har kollapsa» og «politisk venstre er feid av banen».
Historisk nederlag
Mest oppsiktsvekkjande er tapet til Arbeidarpartiets (PvdA). Det er tale om eit historisk nederlag, med eit tap på 29 plassar i parlamentet. Partiet hadde 25 prosent av røystene i valet i 2012; natt til torsdag fekk dei berre 5,7 røyster. «PvdA er knust», skriv avisa Volkskrant. Som Håvard Rem skriv, fell det saman med den sosialdemokratiske kollapsen i Europa elles.
Nederlandske kommentatorar skriv i tillegg at leiaren for partiet, Lodewijk Asscher, har ført ein rotete kampanje: han har vingla i synet på open eller streng innvandringspolitikk og har ført ein kvass, med lite overtydande kamp imot vinnaren av valet, Rutte. Like eins var politikken under førre leiar, Diderik Samson, merkt av vingling og brot av vallovnader.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.