Reportasje

– Vi er i ferd med å øydeleggje landet

TEL AVIV: Shiri Assa tilhøyrer venstresida i Israel. Geir Olav Jørgensen møter Shiri Assa i Tel Aviv for å høyre meiningane hennar om situasjonen i landet.

Shiri Assa driv restaurant i Tel Aviv.
Shiri Assa driv restaurant i Tel Aviv.
Publisert Sist oppdatert

– Shiri, kva tankar gjer du deg om livet i Israel?

Livet her i Israel? Det endrar seg fort, det endrar seg frå dag til dag, frå skanse til skanse. Men den turbulente politiske situasjonen endrar seg ikkje. Vi har han hengande over oss, same kva form han måtte ta. Same kva som måtte gå føre seg på det personlege planet.

Litt om meg: Lenge har eg budd i Tel Aviv. Eg har ungar som veks til. Eg voks opp på ein moshav, som er ein kooperativ landsby, og familien min var høgrefolk. Dei stod temmeleg langt ute på høgresida då eg voks opp. Dei var aktive politisk, dei var stolte sionistar.

Sjølv står eg støtt på venstresida, og foreldra mine endra kurs over tid. I dag er dei for venstrefolk å rekne. Nokre av høgrefolka her i Israel blir meir ekstreme når dei ser at høgrepolitikken ikkje gjev resultat. I frustrasjon er det mange som vel å ta steget endå lenger ut mot høgre, i håp om at det skal gi resultat.

Andre gjev opp heile tankegangen, og foreldra mine var blant dei som gav opp og gjekk over til venstresida, skuffa som dei var over retninga som landet har teke. Altså voks eg opp med foreldre som hadde trudd på Israel, men som mista trua undervegs.

Kva skjedde med born som voks opp i heimar som dette? Vi hadde ingen å sjå opp til. Undervegs var vi vitne til ein draum som visna bort. Som vaksne har vi sjølv etablert oss, og det er mange frå nettopp denne gruppa som ønskjer å forlate Israel. Mange av oss går rundt i det daglege og drøymer om eit anna land der ute. Det er ikkje viktig for oss om ungane vil gjere teneste i hæren eller ei. Vi brenn ikkje for dette landet. Vi er leie av det som går føre seg i dei politiske sfærane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement