Teknologi

Veslebror ser deg

Med Telraam S2 i vindauget kan du telja trafikk og verta din eigen statistikar.
Med Telraam S2 i vindauget kan du telja trafikk og verta din eigen statistikar.
Publisert

Eg sit i vegkanten og noterer bilnummer og -merke. Livet på 1960-talet er trygt og godt. Toppen av lukka er når eg, den vesle statistikaren, får lov til å dra til byen når ferja frå England kjem. Notatblokka vert fylt med eksotiske data. Interessa for tal og teknikk vert vekt.

I dag handlar det meir om å overleva. Trafikken i Oslo er omsynslaus. Når eg er halvvegs ute i fotgjengarfeltet og har blikkontakt med bilførar, tek ho det som eit teikn på at ho må gje gass for å fyka framfor meg. At eg framleis er live, er ei gåte.

Kva kan ein stakkar gjera for å stansa slik vyrdslaus åtferd? Løysinga har eg allereie sett i vindauget til dotter mi: ei elektronisk kuleramme frå eit belgisk firma med det treffande namnet Telraam. Telraam modell S2 er ein typisk internettdings som pratar med ein server i Belgia som samlar data frå han.

Telraam er spesialistar på trafikkteljing. Ideen til denne enkle trafikkteljaren kom då Telraam forstod at ein trong mykje data for å telja noggrant, og at kanskje privatpersonar kunne vera med å telja. Dei laga ein fyrste versjon basert på hyllevareelektronikk. Denne versjonen, delvis finansiert av EU, synte at konseptet fungerte. Med S2 har dei teke eit langt steg vidare.

Telraam S2 tel kor mange gåande, syklande, bilar og lastebilar som passerer på vegen utanfor. Kvifor har dotter mi kjøpt denne teljaren til nokre tusen kroner? Ho er teknologisk nysgjerrig og elskar statistikk. Diverre har kameraet, av omsyn til personvernet, så dårleg oppløysing – 112x112 pikslar – at eg ikkje kan ta opp igjen den gamle hobbyen med å notera bilnummer.

Etter at Telraam S2 er montert i glaset og filmar vegen, må han finna ut kva han ser. Der kjem ei innebygd kunstig intelligens-brikke til hjelp. Brikka er allereie trena til å kjenna igjen ulike vegfarande ved å bruka ein algoritme. Algoritmen vert til ved at menneske har fôra han med ei mengd bilete av vegfarande som allereie er gjenkjende og kategoriserte. Under opptreninga analyserer algoritmen bileta etter mønster for å byggja eit konsept – eller ein modell – som kan skilja mellom ulike vegfarande. Dess meir treningsdata, dess betre vert modellen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement