Ver helsa, Symreson!

Gode Symra med den nyfødde kalven tidleg om morgonen 13. juni.
Gode Symra med den nyfødde kalven tidleg om morgonen 13. juni.
Publisert

For ei glede! Etter at Dag og Tid-kua Ameline, som utgjer halve Dag og Tid-buskapen av kyr, nyleg fekk ein daudfødd kalv, har uroa lege i bakhovudet. Kan det gå gale på nytt?

Tidleg laurdag morgon 13. juni kom ikkje Symra inn att i fjøset på Selheim saman med mjølkekyrne. Då gjekk Hilde og Lars raskt ut for å sjå etter henne. Og ytst på beitet fann dei henne saman med ein nyfødd kalv. To år etter at Symra vart fødd på nesten same staden – av Ameline – fekk ho altså sjølv sin fyrste kalv. Alt står no bra til med både ku og kalv.

Spesiell ku

For eit under! For Symra heldt på å døy som liten på Dag og Tid-stølen i 2018. Magen svulma brått opp av det som synte seg å vera gassproduserande bakteriar i løypemagen. Men ho vart berga i tolvte time av Hilde og Lars, som kom opp på stølen og fekk i henne reinsa parafin og antibiotika gjennom ein slange ned i halsen og i magen. Det tok knekken på bakteriane.

Sidan den tid har vi hatt eit spesielt tilhøve til den vakre og rolege kua. Måtte ho leva lenge! Ho er no godt i gang med mjølkinga. Symra er mjølkeku, så kalven får ikkje gå og suga mora, men må halda seg med dei andre småkalvane.

Faren til kalven er Kjell Arne, ein svart fjordfeokse, opphavleg frå buskapen til Arne Bekkevold i Vadheim i Sogn. Oksen vart slakta i vinter. No er det Kjell Bjarne II, som gjekk som kalv på Dag og Tid-stølen i fjor sommar, som skal overta avlsarbeidet på garden.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement