Reportasje
¿ Velsigning på verdas tak
LHASA: Paret som kjem til Potalapalasset frå Noreg, vert signa av munkane. Så viktig var fredsprisen, og så få vestlege dreg hit.
Potalapalasset i sentrum av Lhasa.
Alle foto: Håvard Rem
Lytt til artikkelen:
Etter buss frå Telemark, fly frå Oslo og tog frå Beijing kjem kona og eg ein kveld i september 2007 til hovudstaden i Tibet. I Lhasa er det så mykje å sjå og høyra, lukta og smaka at døgera vert for korte. Smaua, kafeane, pilegrimane, bokhandlane, utsyna, skikkane, butikkskilta, morgonane, kveldane. Opphaldet vert ytterlegare smurt når ein som eg likar den særeigne lukta og smaken av jakkjøt og jakmjølk, som er overalt, i teen, i smøret, i nasjonalretten sampa, i momo, dei regionale pastaputene, i lufta og i pusten. Likar ein øl, lyt ein hugsa å skjenkja varsamt i, for i den tynne lufta, 4000 meter over havet, skummar det snøggare enn heime. Likar ein underverk, kan ein vitja Jokhangtempelet og Potalapalasset.
Ein time i Potala
Gjennom hovudgangane i palasset vert dei tilreisande slusa i grupper på mellom fem og ti personar, mange av dei japanske, og kvar gruppe får nytta høgst éin time på å koma seg frå inngang til utgang – altfor lita tid i eit byggverk som hyser meir enn tusen rom.
Me ruslar roleg inn på eiga hand, utan guide med skilt eller reiseførar med vimpel, i ei gruppe på berre to, og vert snart gåande heilt for oss sjølve – frimodige etter at ingen byråkrat eller målsmann for styresmaktene registrerte oss og Tibet-sertifikata våre ved innreise, etter at hotellet sjekka oss inn for ei veke utan å notera namn eller be om å få sjå pass.
Hotellet ligg mellom Jokhangtempelet og Potalapalasset, i sentrum av hovudstaden. Nokre dagar kjem me oss opp før soloppgang for å ha plassane for oss sjølve.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.