¿ Vegen gjennom eit Europa i koronatida
Meldinga frå norske styresmakter til nordmenn i utlandet om å koma heim snarast råd, er ikkje lett å fylgja når verda stengjer ned og grenser vert lukka.
Illustrasjon: Mirjam Clement
Lytt til artikkelen:
Torsdag 12. mars blir det klårt at utviklinga av koronaviruskrisa gjer at eg må koma meg heim så snøgt råd er. Eg er då i Gaziantep, søraust i Tyrkia. Der har eg intervjua syriske flyktningar for eit forskingsprosjekt eg arbeider med.
Tyrkia
Fyrste etappe heim byrjar med buss frå Gaziantep til Adana fredag 13. mars. Eg har Interrail-billett og tek Toros Express frå Adana til Konya. Toget held likevel ikkje ekspressfart medan det klatrar opp frå kysten til den anatoliske høgsletta. Det er ikkje fullt, men nokre ungdommar er på veg heim etter at Tyrkia stengde skular og universitet. Nokre få av passasjerane nyttar munnbind. Nokre kvinner nyttar nikab, fleire nyttar hijab. Og ein konduktør tykkjer det er passande å be bønene sine i eit sete nokre rader framfor meg.
Eg må vera over natta i Konya, for alle avgangar til Istanbul er fulle resten av dagen. Eg tek fyrste tog klokka seks neste morgon, 15. mars. Snøggtoget er nesten ikkje fullt og som vanleg noko forseinka inn til Istanbul. Det er likevel ikkje noko problem, for nattoget vidare til Sofia i Bulgaria har ikkje avgang før 22.40. Det gjev god tid til å tinga sovekupé på Sirkici-stasjonen i Istanbul. Men når eg kjem dit, som frykta, er Istanbul–Sofia Express kansellert på grunn av koronaviruset.
Sjølv om eg føretrekkjer å reisa med tog, må eg vurdera andre alternativ, inkludert fly. Det er rapportert om svært få tilfelle av koronaviruset i Tyrkia så langt, men likevel har styresmaktene kansellert flyreiser til og frå Noreg og fleire andre land i Europa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.