Sjakk
Vår tids helt
Russaren Jan Nepomnjasjtsjij er Carlsens beste kompis i verdseliten. No vert han òg Carlsens neste VM-utfordrar.
Jan Nepomnjasjtsjij vann tevlinga om å få utfordra verdsmeister Magnus Calsen. Maria Jemeljanova i Chess.com gratulerer.
Foto: Lennart Ootes / FIDE
Den psykologiske russiske romanen byrjar i 1840 med Jurij Lermontovs Vår tids helt. Hovudpersonen til Lermontov er offiseren Petsjorin, som ikkje finn seg til rette i verda (eit klassisk tema i russisk litteratur: «det overflødige mennesket») og søker spaning i ville, romantiske Kaukasus.
Korleis ser ein russisk helt ut i 2021, etter over 20 år under Putin? Det er to ytterpunkt som peikar seg ut i sjakken: På den eine sida har vi Sergej Karjakin (31), VM-utfordraren frå 2016, som voks opp på Krim, forlét Ukraina og ope stør Putin i alt. På den andre sida står Daniil Dubov (25), verdsmeisteren i snøggsjakk på heimebane i 2018, som med gullmedaljen rundt halsen ope kritiserte Putin.
Båe desse to er kontroversielle på kvar sitt vis. Dei er dermed to av sjakkens største medieprofilar. Men den beste russiske sjakkspelaren har i eit par år vore Jan Nepomnjasjtsjij (30), ein moderne russar som pratar rett frå levra, men på eit merkeleg vis likevel aldri fornærmar regimet. Han har vorte balansekunstnaren som alle i sjakkmiljøet likar. Han har sjakktalent på verdsmeisternivå, men er psyken hans tøff nok? Carlsen gav han nokre gode råd for 5–6 år sidan, og denne veka kvalifiserte han seg til haustens VM-kamp ved å vinna den såkalla kandidatturneringa relativt enkelt.
Heilt enkelt er det likevel ikkje å vinna ei turnering som varer i nesten 400 dagar. Uvissa var eit mareritt for verdssjakkforbundet FIDE, arrangørane i Jekaterinburg og dei åtte spelarane. Berre verdsmeister og supertilskodar Carlsen koste seg gjennom heile kandidatpandemien. Resultatet etter 14 rundar stadfesta stillinga etter 7 rundar, då turneringa vart broten av i mars 2020. Her er ei vurdering av dei åtte spelarane frå topp til botn:
Jan Nepomnjasjtsjij (30): Grunnlaget for suksess la han med to sigrar i fjor, særleg nykelpartiet mot Giri. I år var han taktisk klok, spela remis mot dei beste og slo Aleksejenko og Wang Hao, som spela så dårleg at gamle Kasparov reiste seg frå lenestolen og kravde at FIDE aldri meir sender turistar til kandidatturneringa. Då VM-billetten var sikra ein runde før slutt, hadde ikkje Nepomnjasjtsjij meir å gje i siste parti mot Ding Liren og tapte æresrunden.
Maxime Vachier-Lagrave (30): Franskmannen var i leiinga saman med Nepomnjasjtsjij etter fyrste del i 2020. Men reknemonsteret frå Paris vart finta ut av Caruana og Grisjtsjuk i runde 8 og 11. Då hjelpte det ikkje at han fekk to trøystesigrar mot Wang Hao og Aleksejenko mot slutten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.