VakthundenHallvard Hegna er ein pasjonert jeger. Han har jakta på harar med hundane sine heile livet. Han jaktar òg på dårleg nynorsk.
Hallvard Hegna er ein pasjonert jeger. Han har jakta på harar med hundane sine heile livet. Han jaktar òg på dårleg nynorsk. I juli fyller han nitti år.
Hallvard Hegna representerer eit fenomen som alltid har eksistert i nynorskmiljø, «raudpennen» – elska av mange, hata av like mange.
Foto: Ronny Spaans
–Eg byrja med harejakt i 1945. Eg ervde interessa frå far min, som òg var harejeger. Så eg har hatt ein lidenskap for harejakt i over sytti år. Og eg har vore spesielt oppteken av den nasjonale harehundrasen, Dunker. Eg er æresmedlem i Dunker-ringen, og eg har vore utstillingsdomar for harehundar.
Dette fortel Hallvard Hegna, pensjonert ålmennlærar og rektor i grunnskulen i Atrå, 25 km frå Rjukan. Han ramsar opp hundane han har hatt gjennom åra, frå 1954: Tela, Hjallis, Odin, Frøya med fleire. Hunden som han og kona hans har i dag, heiter Embla.
– Men du jaktar ikkje berre på hare, du jaktar òg på dårleg nynorsk?
– Eg sit gjerne med ein kulepenn når eg les nynorske tekstar, og eg strekar under språkfeil og inkonsekvensar.
I nynorskmiljøet er Hallvard Hegna kjend som ein vakthund. Men bokmålsjournalistar har òg fått e-brev med språkrettingar frå Hegna. Han representerer eit fenomen som alltid har eksistert i nynorskmiljø, «raudpennen» – elska av mange, hata av like mange, om ikkje fleire.
Dag og Tid har teke turen til Tinn, til den unelege heimen hans mellom høge fjell. Men bodskapen han vil fortelja oss, er ikkje berre hyggjeleg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.