Historie
¿ Ut av stengsla
For engelskmannen John Barrow kjendest båtturen over Romsdalsfjorden som å komme ut frå innestengsle etter den lange reisa gjennom fjell- og fjordheimen.
Fjella rundt Romsdalsfjorden er høge, men sidan dei ligg på avstand, har fjorden eit ope preg. Foto: Gaute Losnegård
Foto: Gaute Losnegård
Lytt til artikkelen:
På Ljøen, fem kilometer nord for Hellesylt, har Vegvesenet med god grunn laga ein svær rasteplass. Hovudvegen passerer eit kort stykke i friluft mellom to lange tunnelar i 300 meters høgde, med ei storslått utsikt mot innløpet til Geirangerfjorden. Her er det norske fjord- og fjellandskapet på sitt barskaste. «Av alle dei fjordar eg har besøkt, har ingen gjort meg så skrekkslagen som denne», skreiv franskmannen La Tocnaye i 1799. Sunnylvsfjorden minte han mest om Styx i dødsriket, eller om ei uinntakeleg festning som naturen hadde bygd, med fjorden som vollgrav.
Frå Hellesylt tok posten sjøvegen utover fjorden, men berre eit kort stykke. Fjellsida stuper bratt og skredfarleg i fjorden, som elles er utsett for lumske kastevindar. båtturen, slutta difor i Ljøen, der posten tok vegen over fjellet til Herdalen og vidare ned til Stranda. Men heller ikkje Ljøfjellet, som er den høgste passasjen på heile postvegen Bergen–Trondheim, er ei lettvint ferdsleåre. Fram til 1860-åra fanst det berre ein gangsti over fjellet, som stig bratt opp på begge sider. Verst var den stupbratte Herdalsbrekka på nordsida, der postkarane om vinteren måtte klatre etter ei tjørebreidd trosse som var festa til boltar og jernringar i fjellsida. I 1863 blei det bygt ein kjerreveg over Ljøfjellet, men allereie fem år seinare vart det bestemt at posten skulle gå med dampskip på fjorden, så dei som frakta posten, fekk ikkje nytte mykje av denne vegen.
Det var postbøndene som var ansvarlege for å få fram posten, og dei var plukka ut blant folk som ikkje budde så langt frå postvegen. Der vegen var særleg vanskeleg, skulle postbonden ha hjelp av to postkarar. Desse blei tekne ut av vernepliktige mannskap, men somme nekta. Martin Arneson, som var postbonde i Herdalen, skreiv i 1800 i eit brev til poststyret at postkaren Hans Olson Helstad ikkje hadde gjort postteneste på eit års tid, og at han hadde vore nøydd til å leige folk i staden. Postbonden hadde vore av stad til Hans og kravd at han kom tilbake, men Hans nekta – etter at han mista ein finger ville han ikkje skysse posten meir.
Det var ikkje utan grunn at det var vanskeleg å få postkarar til å ta turen over Ljøfjellet. Ein vinterdag Abraham Herdal var ute med postskreppa, løyste han ut ei snøfonn med skisporet. Abraham blei teken av raset og gravlagd i snømassane. Heldigvis stakk ein skistav opp av snøen, det vart redninga hans.
Posten vart ofte svært forseinka, og det kom klager på dette med jamne mellomrom. Det var postbøndene som laut svare bøter i slike tilfelle. Men postverket hadde sine eigne metodar for å få opp tempoet. Dei sende ut såkalla postjegerar, som skulle kontrollere postgangen og passe på at dei som frakta posten, ikkje låg på latsida. Ein gong kom det ein postjeger til Herdalen. Postbonden meinte då at vêret var for dårleg til at dei kunne leggje ut, men postjegeren stod på sitt. Dermed laut dei klatre opp etter trossa og kjempe seg vidare fram på ski gjennom snøstorm i nær 800 meters høgde. Dei kom vel fram til Ljøen med posten, men på tilbaketuren sette postbonden beint utfor Herdalsbrekka, medan jegeren blei borte i uvêret. Han hadde gått kast i kast nedover og hamna i ei snøfonn. Til slutt fann dei att stakkaren og fekk hjelpt han til gards. Etter det høyrde ikkje postbøndene der omkring meir snakk om forseinkingar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.