USAs prestBilly Graham (1918–2018) var stokk konservativ og ein radikal opprørar.Den fyrste amerikanske presidenten sidan Franklin D. Roosevelt (1882–1945) som aldri har nytta baptistpastoren Billy Graham som åndeleg rettleiar, er Donald Trump, og no er de
Billy Graham (1918–2018) var stokk konservativ og ein radikal opprørar.
Billy Graham som ungdomspredikant i 1945.
Foto: Reuters / NTB scanpix
Den fyrste amerikanske presidenten sidan Franklin D. Roosevelt (1882–1945) som aldri har nytta baptistpastoren Billy Graham som åndeleg rettleiar, er Donald Trump, og no er det for seint. Førre onsdag døydde den 99 år gamle verdsevangelisten som presidentane frå Harry S. Truman til Barack Obama rådførte seg med. I heile historia til kristendomen er det visst ingen annan som har preika live for fleire menneske, drygt 200 millionar i så å seia alle verdas land. Reknar ein med radio- og TV-programma hans, vert talet to milliardar.
«Stundom var det som om han fylte rolla som prest for heile nasjonen», kommenterte New York Times i førre veke, og siterte Bill Clinton: «Når han ber for deg i Det ovale kontoret eller ovanpå i Det kvite huset, føler du at han ber for deg og ikkje for presidenten.»
Dersom du som moderne skandinav har mistanke om at du eigenleg aldri har skjøna amerikanarane, kan populariteten og statusen til Billy Graham stadfesta mistanken. Det amerikanske samfunnet, seier filosofen og sosiologen Jürgen Habermas, passar ikkje inn i teorien vår om jamn sekularisering, som berre gjeld for ein nordeuropeisk minoritet.
Karismatisk
Billy Graham, av irsk og skotsk avstamming, kom til verda i 1918 på ein gard i North Carolina. Far hans var mjølkebonde, og båe bestefedrane slost i borgarkrigen på den sida som ville halda på slaveriet. «Med oppvekst på bygda i sørstatane», mintast han, «tok eg ureflektert til meg haldningane i heimtraktene».
Det nasjonale gjennombrotet fekk han under ein serie teltmøte i 1949. Han var karismatikar i trua, men endå meir på scena, som mange av dei musikkartistane frå lågkyrkjelege miljø som prega 1950-talet, til dømes Jerry Lee Lewis. Ein som i ungdomen drog for å høyra Graham, Bob Dylan, fortel: «Han var rock’n’roll i eigen person, dynamisk, eksplosiv. Han hadde håret, røysta, fraseringa. Når han preika, braut uvêret laus. Skylaget delte seg. Folk vart frelste, stundom 30.000 og 40.000. Drog du på eit Billy Graham-møte den gongen, vart du aldri meir den same.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.