Tuva rømde frå revenTuva vart nesten teken av reven, og måtte bergast frå heimebeitet. Det vesle kopplammet gjekk forskremt ved gjerdet på beitet nede i bygda. For andre gong hadde reven vore der. No var ho det einaste lammet att.
Tuva vart nesten teken av reven, og måtte bergast frå heimebeitet.
Alelammet Tuva på stølen. Normalt ville ho vorte slakta i desse dagar. Men ho skal få leva. Anders Møn Mjelde, ni år, skal syta for mat og stell i vinter.
Foto: Svein Gjerdåker
Det vesle kopplammet gjekk forskremt ved gjerdet på beitet nede i bygda. For andre gong hadde reven vore der. No var ho det einaste lammet att.
Anders Møn Mjelde, ni år og odelsgut, fekk ansvaret for eit tredagar gamalt alelam i vår, kalla henne Tuva og gav henne flaskemjølk før og etter han gjekk på skulen. Då familien skulle på ferie, vart lammet sett bort til nabogarden og to andre alelam.
Der kom reven om natta. Fyrst låg eitt av lamma daudt på beitet om morgonen. Lammet hadde mange merke etter bit i hovudet og halsen, men elles var det like heilt. Reven må ha vorte avbroten på ein eller annan måte, og stukke av før han fekk ete noko som helst.
Ei god veke seinare vart eit nytt lam skamfare. Ulla var full av blod etter revebit i hovudet og halsen. Lammet var enno i live, men måtte avlivast på staden.
Tuva var no åleine att. Men reven hadde fatt smaken på lammeblod, så ho kunne ikkje gå åleine på heimebeitet, for der ville lagnaden vera rimeleg føreseieleg. Såleis hamna ho på Dag og Tid-stølen.
Vanlegvis tek reven fugleegg, mus, froskar, insekt, bær og matavfall, men han kan altså ta lam opp til 25 kg, reinsdyrkalvar og vaksne rådyr. Og når det vesle rovdyret på mellom 5 og 10 kg fyrst har bestemt seg, gjev han seg ikkje, men heng seg på byttet med dei små tynne hjørnetennene sine til det gjev opp. Så startar han å eta der det er minst ull og lett å koma til – som i baken, kjønnsopninga eller rundt munnen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.