Historie
¿ Turisme langs Postvegen
Fjord-Noregs svar på Bør Børson var postopnaren på Faleide som bygde opp reiselivet i indre Nordfjord.
Postvegen gjennom Faleide i Stryn med snødekte toppar i bakgrunnen. Faleide spela ei sentral rolle i oppbygginga av den norske fjordturismen.
Foto: Gaute Losnegård
«Turen frå Molde til Bergen, som ikkje er på meir enn 40 mil, tok meg 18 lange dagar. Kvar dag blei eg våt til skinnet, kvar dag risikerte eg å knekke nakken på vegen opp på, eller ned frå, eit fjell, eller å drukne i ein av dei fæle fjordane som Satan har grave ut mellom dei. I tillegg måtte eg overnatte på eit hardt bord eller eit kaldt golv i ei røykfull bondestove, utan mat og anna trøyst enn litt rom som eg blanda med varmt vatn og sukker, og som hjelpte meg å klare blodslitet», skreiv franskmannen La Tocnaye i 1799.
Tonen hjå engelskmannen Robert Taylor Pritchett, som utforska Noreg i slutten av 1870-åra, er ein heilt annan. På forsommaren drog han i eit følgje langs postvegen over Utvikfjellet. På toppen, klokka elleve om kvelden, var dei «behageleg slitne», og her kunne dei nyte utsikta mot nord som med sine snødekte toppar osa av ro og fred. Nedstigninga mot Utvik var bratt, og halvvegs nede var dei utslitne i knea, men dette var noko av sjarmen med Noreg, skriv Pritchett. I Utvik overnatta dei på skysstasjonen, som var eit privathus, og «di meir takknemlege var vi for den varme velkomsten vi fekk».
Pritchett høyrde til blant pionerreisande britar som var med på å marknadsføre Noreg som turistland. Naturromantikken, som var utvikla gjennom målarkunst og litteratur tidlegare i hundreåret, fekk følgjer også for reiselivet. Fjord og fjell vart til attraksjonar, ikkje hindringar som djevelen hadde skapt. Landskap og menneske i strok som Hardanger og indre Nordfjord blei til biletet av sjølve det norske, og utanlandske turistar strøymde til i hopetal.
I Utvik morgonen etter fekk Pritchett og følgjet hans sjå eit merkeleg syn. Postbåten, som var på veg inn til bygda, var ikkje utstyrt med segl, men ei stor bjørkegrein. Postmannen sat komfortabelt i bakskuten medan vinden tok tak i bjørkeblada og dreiv båten framover. Dermed slapp roaren, som var ei kvinne, også å anstrenge seg så mykje.
Frå Utvik gjekk posten sjøvegen til Faleide på nordsida av Innvikfjorden. Faleide, som i dag knapt er meir enn ei avkøyrsle langs riksvegen, har ei rik historie som knutepunkt for indre Nordfjord og kommunesenter i den vidstrekte Innvik kommune.
Kring midten av 1800-talet var det framleis ikkje rare stellet på Faleide, sjølv om her fanst skysstasjon.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.