Kunnskap

Tuberkulose

Noreg er fritt for storfetuberkulose, men med import av alpakka frå Storbritannia kan det vere lett å få med tuberkulose på kjøpet.
Noreg er fritt for storfetuberkulose, men med import av alpakka frå Storbritannia kan det vere lett å få med tuberkulose på kjøpet.
Publisert

Det latinske ordet tuberkel tyder ein liten knute. Den frykta sjukdommen tuberkulose er kjenneteikna nettopp ved knutar eller byllar i lymfeknutane, i huda, lungene eller andre organ. Tuberkulose kjem av ein infeksjon av bakteriar i slekta Mycobacterium. Smitten er utbreidd hos både dyr og menneske i store delar av verda, og mange artar av tuberkelbakteriar er innblanda.

Vi veit frå gravfunn i Palestina og i Peru at menneska har slite med tuberkulose i minst 9000 år. Hos dyr er sjukdommen truleg langt eldre, kanskje fleire millionar år gamal, og tuberkulosen kan til alle tider ha vore med som blindpassasjer på vandringane til folk og husdyr rundt om i verda.

Folkehelse

Enno i dag er tuberkulose med bakterien Mycobacterium tuberculosis den infeksjonssjukdommen som tek flest menneskeliv. Verdshelseorganisasjonen meiner inntil ein tredel av alle menneske kan vere smitta. For min eigen del er det berre flaks at eg kan sitje her i det vakre haustvêret med kaffikoppen min og skrive på denne artikkelen om tuberkulose. Både mormor mi (f. 1904) og far min (f. 1930) voks opp i ein familie som blei hardt råka av tuberkulose. Far min berga så vidt livet etter to lange opphald på eit lokalt sanatorium.

Og berre for å minne om eit sørgjeleg faktum: Det straffar seg å vere fattig og å bu trongt. Då tuberkulosen herja som verst i Noreg for litt over hundre år sidan, var dødstala høgast i små bygder i Troms og Finnmark. I verda i dag er det Afrika sør for Sahara og nokre av dei mest folkerike områda i Asia som er hardast råka.

Den alvorlege stoda i Afrika heng òg saman med den omfattande hiv-epidemien, for menneske med svekt immunforsvar blir lett bytte for tuberkulosebakteriane. Hos menneske kan sjukdommen i dag behandlast med antibiotika, men nye og meir legemiddelresistente variantar dukkar stadig opp. Dette kan bli eit aukande folkehelseproblem.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement