Reportasje
Trøyst i eit glas tomatar
Det italienske nyhendebiletet er prega av mykje mørke og fortviling om dagen. Eit lite ljospunkt er at gløymde italienske kjøkentradisjonar har fått nytt liv under pandemien.
Mange italienarar har funne fram att gamle kokekunster.
Foto: Andrea Pavanello / Wikimedia Commons
Eg skrur så ofte eg kan på eit morgonprogram sendt frå Roma på italiensk Rai Radio 3. «Prima Pagina» har gått på statskanalens kvardagsprogram sidan 1976. Det fine med programmet er at programleiarrolla går på rundgang mellom italienske mediefolk. Den eine veka kan programleiaren vere ein politisk journalist. Den neste er det kanskje redaktøren i eit stort vekeblad.
Det er ein herleg dynamikk i dette programmet med ein førstedel dedikert til analysar av dagens nyhendebilete via italienske dagsaviser. I andre avdeling får innringarar kome på lufta med spørsmål og kommentarar.
Panikken
Det har gjort særleg sterkt inntrykk å høyre dette programmet det siste året. Alt tidleg i mars i fjor, i vekene før pandemien verkeleg sprengde seg fram i Nord-Italia, ringde lyttarar som uttrykte sterk redsel og panikk. Her var det plass til alt frå husmødrer i Napoli til lærarvikarar i Trentino.
Mindre tilgjord radio enn dette skal ein leite lenge etter. Gjennom året med pandemi har tonen blant innringarane gått frå angst til ville protestar og raseri. Samstundes blir eit basalt behov for trøyst uttrykt heile tida.
Og no har det blitt så gale at sjølvaste sjeftrøystaren i Roma, pave Frans, også har problem med å trøyste. I påska vart mange italienarar overraska over kor mørk palett han tok fram for å skildre situasjonen me alle er oppe i: «Dei siste vekene er det som det har vore kveld heile tida. Det er eit nedslåande mørke som ligg over piazzaene våre, på vegane og i byane våre. Mørket har tatt over livet vårt og fylt det med stille. Ein kan kjenne dette i lufta. Ein merkar det på korleis me rører oss og korleis me skular på andre. Me er engstelege og anar ikkje kor vegen går vidare. Det er nett som disiplane i evangeliet som plutseleg kom ut for ein fæl storm. Dei vart tvinga ut i same båt, alle like sårbare og viktige. Me er på same måte tvinga til å ro båten saman no. Me er avhengige av dei andre si trøyst. Nett som disiplane føler også me oss forlatne. Det har gått opp for mange at ein ikkje kan finne fram på eiga hand, men berre i fellesskap. Stormen viser at me er sårbare og at tryggleiken me trudde på, var falsk.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.