Teknologi
Trolleybuss
Endå ein liten gut som får gleda av å køyra trolleybuss.
Alle foto: Inge Døskeland
«No må du koma. Bussen går kvar augneblink», ropar mor mi.
Eg, den vetle guten, kikar opp på dei straumførande leidningane. Dei rører seg nesten utan at ein merkar det. Trolleybussen er like om hjørnet. Idet bussen kjem, plasserer eg meg slik at eg kjem framføre den næraste av dei to bakre dørene. Eg smit meg inn, legg fire tiøringar på plata framføre konduktøren og er så heldig å få sitja på favorittplassen ved sida av han.
Seksti år seinare har me framleis trolleybussar i Bergen. Den einaste linja i Noreg. Me bergensarar er noko for oss sjølve. Før heitte ho linje 2 og gjekk frå Nattland til sentrum. No heiter ho linje 6 og går frå Nattland via sentrum til Gravdal. Neste gong du vitjar Bergen, er ein tur obligatorisk.
Trolleybussen erstatta trikken fordi han var mykje meir fleksibel og billigare i drift. Trolleybussen hentar likestraum frå dei straumførande kontaktleidningane over køyrebanen. Spenninga kjem frå likerettarstasjonar som er jamt fordelte med om lag éin kilometers avstand langs traseen. Der får ein tilført 11 kilovolt vekselstraum som vert likeretta til anten 650 volt eller 750 volt likestraum. Køyreleidninga på fortaussida er negativ, og køyreleidninga på gatesida er positiv.
På taket av trolleybussen er det straumavtakarar som vert kalla pantografar. For å få liten slitasje og god kontakt har ein eit såkalla slepehovud i enden av pantografen. Det er eit kolstykke som er plassert i ein haldar. Kolet består av om lag 70 prosent karbon, medan resten er messing og kopar. Kolstykka leier då straum frå positiv køyreleidning og tilbake til negativ køyreleidning.
Trolleybussane er utstyrte med trefasa elektriske asynkronmotorar. Dei får ei vekselspenning på 400 til 600 volt avhengig av kva krefter som trengst. Straumen vert omforma frå likestraum til vekselstraum i boksar på taket.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.