Teknologi
Trippel-alfa
Sjansane for å få laga stabilt karbon (12C) av trippel alfa (4He) er om lag 0,04 prosent med Hoyle-prosessen. Utan den hadde det ikkje vore karbonbasert liv.
Eg ligg under sofabordet på eit mjukt, svart teppe. Den låge sola skin gjennom glaset, og solstrålane varmar sjela mi. Eg, studenten, les ei bok om korleis stjerner blir fødde og døyr. Det endra livet mitt for alltid. No må du halda deg fast, så skal du få vera med på same reisa. Kva var det eg lærte?
At eg er laga av stoff som vart danna i det indre av stjerner som kollapsar og døyr. Du og eg er bokstaveleg talt radioaktivt avfall sette saman av stjernestøv.
Når ei stjerne er ung og vital, omset ho hydrogen til helium, som gjev mykje energi og hindrar at stjerna kollapsar på grunn av tyngdekrafta. Når hydrogenet er brukt opp, fell stjerna saman, og trykk og temperatur aukar, slik at det kan dannast tyngre grunnstoff.
Først ut er beryllium, men det er særs ustabilt, med ei halveringstid på 8,2 E-17 sekund. Halveringstid er den tida det tek å halvera eit stoff. Skal ein koma vidare, må temperatur og tettleik vera ekstremt høge, slik at ein får stabil produksjon av beryllium. Klarar beryllium å fanga inn ein heliumkjerne, alfapartikkel, kan ein laga karbon. Problemet er berre at ei slik samansmelting er så lite sannsynleg at det ikkje kan forklara mengda karbon me har i universet.
Den grunnleggjande byggjesteinen for alt liv er jo karbon. Både du og eg er fylte til randa med karbon. I DNA-et og i alle cellene våre. Det må difor vera ein prosess som gjev tilstrekkeleg med karbon i universet.
Ein slik prosess føreslo fysikaren Fred Hoyle. Han sa at beryllium fangar inn heliumkjernar slik at det vert til karbon, ved å gå til ein høgare energitilstand først og så ramla ned til energitilstanden til stabilt karbon. At dette var mogleg, vart seinare stadfesta med eksperiment i laboratorium. Hoyle-prosessen påverkar danninga av alle tyngre grunnstoff. Utan den hadde det vore lite karbon, men store mengder oksygen. Kva skal ein med oksygen når det ikkje finst noko liv som kan pusta?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.