Sport

Triksing og freestylefotball

Tobias Brandal Busæt (Tobias Becs) er fem gonger verdsmeister i freestyle­fotball.
Tobias Brandal Busæt (Tobias Becs) er fem gonger verdsmeister i freestyle­fotball.
Publisert

Dei fleste har hatt ein lagkompis med teknikk frå ei anna verd. Ho kunne finte som ingen andre, men ein god pasning var ikkje å sjå. I freestylefotball kan ein gløyme formasjonar og overblikk og derimot gjere alvor av eigen ballkunst.

Freestylefotball er profesjonell triksing og vart ein ekte sport i Noreg rundt 2005. Før dette var triksing stort sett underhaldning. Me kunne sjå gjøglarar og fotballstjerner vise nokre triks her og der. Maradonas pauseinnslag må nemnast. For me hugsar Zlatan og Carew krangla om triksing med appelsinar, men hjå Maradona ryktast det altså om ovale sitronar.

Også Nike-reklamen i 2000, der Edgar Davids gjorde «jorda rundt»-trikset, gav inspirasjon til triksespirer. Kidsa starta å øve, og i Noreg er vi blitt gode. Anders Solum (Azun) var den fyrste i verda til å utføre apatw og paatw, som er to variantar av jorda rundt, som igjen vil seie at medan ballen er i lufta, skal foten rundt ballen heile tre gonger. Kvar utøvar har sin stil med eigne signaturtriks, og i ein så ny sport kjem det stadig nye variantar av triksa. Tor Vidar Leikvin (Leiki) var til dømes fyrst ute med å mikse akrobatikk, breakdance og footbag-triks i freestylefotball.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement