Sport

Treningsapparat på TV Shop

Fjør frå 1950-talet. Så lenge ikkje bryst-håret sit fast i fjørene, er denne god.
Fjør frå 1950-talet. Så lenge ikkje bryst-håret sit fast i fjørene, er denne god.
Publisert

Eit forskingsprosjekt eg gjerne skulle sett, er kvifor nokre heimetreningsapparat blir brukte meir enn tre gonger. På ein marknad som inneheld uendeleg mange variantar av treningsmaskinar, er det fort gjort å gå på eit impulskjøp. I alle fall var det det før, då vi såg på TV Shop.

Ein klassikar frå 1950-åra var treningsfjøra som aktiverer bryst og armar. Fjøra er faktisk ikkje så dum, fordi ho også krev ei viss stabilisering av overkroppen. Fjøra er enno til sals, men no er ho laga av plast. Slik slepp du å sette fast brysthåra i full muskelekstensjon.

Tidleg på 2000-talet kom ein ny suksess, i alle fall på nachspiel. Nemleg ein elektrisk muskelstøytmaskin. Ein sette fast elektrodar på kroppsdelane ein ville trene, gjerne på magen, dersom det var den seljarane kalla «problemområdet».

Med elektrodane på kunne ein lene seg tilbake i sofaen. Dei elektriske støytane skulle sørge for «punktforbrenning», som ville seie at ein brende akkurat der elektrodane var plasserte. Slik skulle ein få vekk magefeittet og samtidig halde på den breie brystkassa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement