Reportasje

Trefellinga

Bør kjenslene leggjast att heime når ein vel kva tre som skal fellast?

Publisert Sist oppdatert

Me har hatt ei laus avtale om å gå i skogen og fella eit tre i fleire veker. Det er mykje som skal klaffa før ein går i skogen med motorsag, vêr og vind er det fyrste. For sjølv om treet skal berre éin veg, og det er ned, kan alt gå gale. Onkel Kjell har eit arr på halsen, som ikkje vert vist til utan historia om den gongen han heldt på å halshogga seg sjølv. Med ei handsag.

Eg har høyrt om fleire røynde skogsfolk som har døydd under skogsarbeid. Nokre har fått treet i hovudet. Ein enkel del av meg, den som kanskje best illustrerer kor lite eg kan om trefelling, tenkjer: Kunne dei ikkje berre teke eit steg til sida?

I dag tidleg var det sol og heilt vindstille då onkel Kjell ringde, det skulle halde seg slik utover dagen. Tida var inne.

– Dei som ikkje går i skogen på ein dag som dette, er ikkje friske, sa han, og eg heiv meg rundt.

Eg trur det er slik Morten A. Strøksnes må ha kjent det då Hugo Aasjord ringde og sa at no er det dags for å fiska håkjerring. Onkel Kjell er min Hugo.

Eller, heiv og heiv, fru Blom. No overdriv eg, for eg heiv meg ikkje rundt. Det var då eg skulle hiva meg rundt, at eg oppdaga kor lite eg hadde å hiva meg rundt i.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement